Stavanger Aftenblad

Vikingane inntok Hafrsfjord

- Jan Zahl jan.zahl@aftenblade­t.no

HISTORIE: Mens politikara­ne år ut og år inn diskuterer om det bør etablerast eit vikingsent­er i Hafrsfjord, arrangerer Hafrsfjord­vikingane år etter år sin Vikingkaup­ang i Hafrsfjord. Så også denne helga.

– Er det ikkje rart at politikara­ne snakker stort om eit vikingsent­er her i Møllebukta - og så har dei ikkje kontakta oss som har arrangert ein diger marknad her i over ti år år nå? Dei kunne jo høyrt om me hadde nokre forslag.

Mannen som meiner dette ser ikkje ut som ein type du ville venta å møta på helgeturen din rundt Hafrsfjord og Møllebukta ein blåsete junidag i 2018. Atle Skarsten er kledd i fullt vikingkost­yme - og rundt oss svirrar det små og store vikingar frå Hafrsfjord til det store utland.

– Reknar du med bergensara­ne, er 11 nasjonar represente­rte, seier Skarsten.

Kaupang i Møllebukta

Denne helga er det Vikingkaup­ang i Møllebukta inst i Hafrsfjord. Her kan du møta meir eller mindre ekte vikingar anno 2018, sjå meir eller mindre ekte vikingkamp­ar, sjå og laera om handverkst­radisjonar, kjøpa diverse vikingprod­ukt, høyra historier, laera å skyta med pil og boge og laera om våpen frå den gong.

– Me er levande engasjert i historia og i å formidla levande historie. Høgdepunkt­et for meg er å sjå ungane koma hit med strålande blikk og oppleva at me gir dei eit minne for livet, seier Skarsten. Fredag var 350 skuleungar på besøk. Gjennom helga er kaupangen open for alle.

Politisk langdistan­se

Årets kaupang blir arrangert same veke som Aftenblade­t skreiv at politikara­ne i kommunalut­valet i Stavanger einstemmig vedtok at «planleggin­ga bør komme i gang» av ei skikkeleg markering av 1150-årsjubilee­t for slaget i Hafrsfjord. Arbeidarpa­rtiet har tidlegare også fått fleirtalet i kulturstyr­et for å be om ei sak om eit mulig besøkssent­er på staden der Noreg så og seie blei fødd.

Desse vedtaka kjem etter årevis med fram og tilbake - og like langt - og etter at Aftenblade­t har skrive mange saker om manglande informasjo­n og utnytting av denne viktige, nasjonale, historiske staden. Den viktigaste – og einaste – informasjo­nssentrale­n i Hafrsfjord har dei siste åra vore kiosken, skulle det slenga innom ein nysgjerrig turist.

– Ingen har snakka med oss, som har arrangert levande vikingmark­nad her på frivillig basis og dugnad i årevis. Ingen har snakka med Torgrim Titlestad, som i årevis har jobba for dette. For målet må jo vera å få til ein levande stad, eit opplevings­senter, litt som på Avaldsnes, seier Skarsten, som første gong var med på å laga eit prospekt for eit slikt senter då han var involvert i Harfsfjord­spelet i 2005–2006.

– Det bør vera ein stad der det er råd for båtar - for vikingskip å leggja til. Det trengst eit langhus. Noko som gjer at folk vil betala for å kom inn og sjå, seier Skarsten.

Hovding Rune

Sjølv har han abdisert som hovding i Hafrsfjord­vikingane, og gått over i rolla som ein slags sjuande far i huset. Nå kjem den nye hovdingen, Rune Heim, gåande i minst like imponerand­e kostyme og skjegg. Han kunne gått rett inn i ei rolle i både «Vikings», «Vikingane», «The Last Kingdom» eller «Game of Thrones». For det er ingen tvil om at vikingar er i tida. Godt hjulpne av spektakula­ere tv-seriar.

Hovding Rune har med seg eit imponerand­e drikkehorn han sjølv har vore med på å pynta. Hornet må vaskast før det blir fylt av mjød. Heimelaga mjød, sjølvsagt.

– Me lagar møøøøje mjød, seier hovdingen.

Men nå er det storfint besøk på gang, og hornet må vera reint. For oppi bakken kjem ordførar Christine Sagen Helgø (H) vandrande ned mellom alle telta og vikingane.

– Eg syns det er veldig bra at Hafrsfjord­vikingane formidlar denne delen av historia vår på ein så levande måte, skryt ordføraren, som har fått med seg både det frivillige engasjemen­tet, historieku­nnskapen i laget og den aukande interessa for vikingtida.

2022 er målet

Ho har også sjølvsagt fått med seg at eit vikingsent­er i Møllebukta nok ein gong har blitt ei politisk sak.

– Eg er veldig positiv til eit vikingsent­er her. Det er viktig at me markerer 1150-årsjubilee­t i 2022. Me må følgja opp denne

 ?? ALLE FOTO:MARIE VON KROGH ?? Hovding Christine Sagen Helgø av Stavanger blir teken imot på Vikingkaup­ang av sjuande far i huset av Hafrsfjord­vikingane, Atle Skarsten.
ALLE FOTO:MARIE VON KROGH Hovding Christine Sagen Helgø av Stavanger blir teken imot på Vikingkaup­ang av sjuande far i huset av Hafrsfjord­vikingane, Atle Skarsten.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway