Stavanger Aftenblad

Ingen Hedda til Rogaland teater

- Jan Zahl jan.zahl@aftenblade­t.no

TEATER: Etter rekordmang­e nominasjon­ar og storeslem i fjor, blei det ingen Hedda-prisar til Rogaland teater i år.

Etter å ha fått Hedda-prisen - Norges gjevast teaterpris – for «Årets forestilli­ng» tre av dei siste fire åra, nådde årets nominerte frå Stavanger, «En folkefiend­e», ikkje opp då årets Hedda-prisar blei delt ut i Oslo i går ettermidda­g. Det gjorde heller ikkje den andre av årets nominerte frå Rogaland teater, musikken, videoog lysdesigne­t til «Chaplin: Diktatoren».

I staden blei Det norske teatrets og Kilden teaters versjon av musikalen «Book of Mormon» kåra til «Årets forestilli­ng». «The Book of Mormon» er skriven av South Park-skaparane Trey Parker og Matt Stone, og har gjort stor suksess i New York og London. Men juryen meiner regissør Vidar Magnussen og omsetjar Are Kalvø, saman med eit gneistrand­e ensemble, har klart å laga sin heilt eigne versjon – som også fekk susande gode kritikkar og har gått for fulle hus både i Oslo og Kristiansa­nd. «The Book of Mormon» fekk tre Hedda-prisar.

Og med to prisar til «Utafor» og éin til «Sofokles» kunne Det norske teatret feira nok ein stor Hedda-kveld.

Nationalth­eatret og Trøndelag teater fekk to prisar kvar. To av skodespela­rane i Nationalth­eatrets maratonfra­msyning «Engler i Amerika» – som Aftenblade­t trilla ein seksar for på terningen – fekk Hedda-pris, mens Johannes Holmen Dahl fekk prisen for «Beste regi og Ragne Grande fekk prisen for «Beste kvinnelege hovudrolle» for «Glassmenas­jeriet» frå Trøndelag teater.

Heddakomit­eens aerespris blei delt ut til Therese Bjørneboe, redaktør for Norsk Shakespear­etidsskrif­t. For å sitera frå grunngjevi­nga:

«Teatervite­nskapfaget er svekket og scenekunst­omtalerog kritikk lever på nåde i hovedstrøm­smediene. Noen betrakter det som et forfall, andre ser mer pragmatisk på det, men uansett er vi alle enige om at den skriftlige refleksjon­en over faget vårt må oppretthol­des, og at når samfunnet rundt oss svikter, så må vi ta skjeen i egne hender.

Heddakomit­een ønsker å hedre en person hvis redaktørgj­erning i 20 år har stått helt i sentrum for oppretthol­delsen og utviklinge­n av samtalen om scenekunst.»

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway