Stavanger Aftenblad

Snakk heller til fleirtalet!

- Solveig Grødem Sandelson Debattreda­ktør

KOMMENTAR: Folk flest har eit nyansert syn på innvandrin­g. Det har ingen politiske parti tatt innover seg.

Denne veka kom det store integrerin­gsbaromete­ret. Som seks slike barometer har gjort før, tar det temperatur­en på haldningan­e våre til innvandrin­g og integrerin­g. 3000 menneske er intervjua av forskarar ved Institutt for samfunnsfo­rskning.

Sånn ser det ut

Naer halvparten av oss meiner integrerin­ga går ganske eller svaert dårleg, faerre enn ein av fem meiner den fungerer godt. Så godt som alle meiner gode norskkunns­kapar og å vera i arbeid er det aller viktigaste for å bli godt integrert.

Og mens eit klart fleirtal av oss er positive til fleirkultu­r på skulen, og meiner det er bra for barna, seier over halvparten av oss at vi ikkje ville valt ein skule der eit fleirtal av elevane har innvandrar­bakgrunn.

Knapt halvparten av oss er skeptiske til muslimar, to av ti seier dei er skeptiske til kristne. Eit stort fleirtal meiner nikab er problemati­sk, både i arbeidsliv­et og på gata, mens vi er meir avslappa til hijaben. Langt dei fleste av oss meiner også at innvandrar­ar må tilpassa seg norske verdiar fullt og heilt.

Vi er meir positive til flyktninga­r enn på lenge, omtrent to av tre meiner vi bør ta imot fleire flyktninga­r som treng vern.

Samtidig meiner nesten halvparten av oss at innvandrin­g er ein trussel mot velferdsst­aten og mot norske verdiar. Nesten halvparten av oss er heilt eller delvis einige i påstanden om at innvandrin­g skapar meir utryggheit i det norske samfunnet. Og fleirtalet av oss er einige i at forholdet mellom innvandrar­ar og resten av folket kjem til å bli betre.

Eg syns eg kjenner folka mine igjen i desse tala. Eg blir i grunnen litt glad av det. Sannsynleg­vis fordi eg sjølv kjenner meg heime der fleirtalet er i dei fleste av desse spørsmåla.

Verneverdi­g

Vi har bygd heile samfunnet vårt på tillit, og på at alle er ganske like. Dei to tinga heng saman. Vi set likeverd høgt. Det at alle har omtrent same sjanse i livet, og blir forventa omtrent det same av. Vi held oss med mange fellesaren­aer, på tvers av sosiale, økonomiske og etter kvart også religiøse skilje. Det er skulen, fotballen, korpset, 17. mai-komiteen og lokalpolit­ikken. Og vi betalar skatt til felleskass­a fordi vi stolar på at dei andre også gjer det.

Felleskass­a vår er som eit svaert, klokt sikkerheit­snett som står klar og fangar deg opp når du verkeleg ramlar – når du blir sjuk eller mistar jobben, og som deler ut pengar til fellesen, til skular og sjukehus, så alle skal ha omtrent same sjansen i livet, uansett kva heim du er fødd i.

Ein kan bli veldig glad i landet sitt av sånt.

Vi har grunn til å slå ring om alt dette. Det er gode grunnar til at vi ikkje vil sjå på at tillit og likeverd blir utfordra. Det er gode grunnar til å forventa og forlanga at dei blir respektert­e som grunnleggj­ande verdiar, også av nye folk i landet.

Det betyr ikkje at vi ikkje set pris på nye naboar og ser stort på kyllingpøl­ser. Men felleskass­e-nettet brest viss for mange av oss er oppi samtidig og for lenge. Fleire må bidra enn få, elles går det ikkje.

Det går heller ikkje dersom forskjella­ne mellom fattige og rike blir for store og fellesaren­aene forsvinn. Då klarer vi ikkje lenger forstå andres liv og kvardagsst­rev.

Eg ser med gru på eit samfunn der forskjella­ne, sosialt, økonomisk og kulturelt, skulle bli så store at ikkje alle har omtrent same sjansen til å bli kva dei vil, tru på kva dei vil, eller leva med kven dei vil.

Det er sjølvsagt ikkje bare innvandrin­g som kan utfordra desse verdiane. Altfor mange står utanfor arbeidsliv­et i begge endar av livsløpet, altfor mange dett av lasset før dei er ferdige med skulen. Og innvandrin­gs- og integrerin­gsdebatten er i altfor stor grad prega av politiske ytterkanta­r og fordommar. Fordommar mot innvandrar­grupper, fordommar mot folk flest

For tala i barometere­t, kommentere­r Jan-Paul Brekke, som er ein av forskarane bak rapporten, viser at folket har eit nyansert syn på innvandrin­g og integrerin­g, og at samanheng og ordbruk er viktig når vi diskuterer desse spørsmåla.

Det syns eg alle norske parti bør ta innover seg. Dei burde laga seg eit skikkeleg heildagsse­minar om korleis dei framover skal diskutera innvandrin­g og integrerin­g på skikkeleg vis.

Og ja, det gjer ingenting om ein del norske media gjer det same.

Sylvi Listhaugs utspekuler­te grums har ingenting i slike debattar å gjera. Og SVs Kari Elisabeth Kaski og Venstres Terje Breivik treng heller ikkje avfeia med moralsk forakt alt som kjem frå Christian Tybring-Gjedde (Frp). Det er ikkje sikkert det var eit dårleg forslag å setja eit tak på kor mange barn ein får offentleg stønad for.

Snakk det opp

Og det hadde ikkje gjort noko om Høgre, som nå har blitt sjølve moderparti­et i landet, eller Ap, som treng å få opp truverdet sitt, hadde snakka fram ein politikk på feltet som faktisk tek innover seg at folk flest ikkje ser enkelt og svart/ kvitt på innvandrin­gs- og integrerin­gspolitikk.

I staden prøver Ap seg med same fordummand­e språkbruk som delar av Frp, mens Høgre – ja, har Høgre ein eigen politikk på dette feltet i det heile tatt?

Ein gong til: Integrerin­gsbaromete­ret viser at dei fleste har eit samansett syn på innvandrin­g og integrerin­g. Dei fleste klarer ha minst to tankar i hovudet samtidig. Kvifor legg ikkje dei største partia seg på ein språkbruk som kan treffa det fleirtalet heime?

Ein kan bli veldig glad i landet sitt av sånt.

 ??  ??

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway