Stavanger Aftenblad

Ein roman som vil endre samfunnet

-

BOK: Nedkjempin­g av øydeleggan­de patriarkal­ske strukturar er ikkje historie.

Sara Omar: Dødevasker­en. Roman. 333 sider. Omsett av Hilde Rød-Larsen. Aschehoug forlag.

Sara Omar er tydeleg med kva ho vil med boka. På første side står det «Til min mor av både ånd og fødsel. Det er gjennom ordets kraft vi blir tidløse, og vi kan forandre.»

Kant, den tyske filosofen skriv om oppleving av det vakre og sublime i 1764. Han skriv om sublime naturopple­vingar som er sublime fordi dei anten er edle, vakre eller grufulle. Dette passar godt til «Dødevasker­en», den er sublim i all si grufullhei­t.

Boka startar med ein scene som du vil aldri vil gløyme. Ei handling så bestialsk at den sat i kroppen i fleire dagar etterpå. Men i motsetning til bestialite­ten i krimromana­r, har denne bestialite­ten eit formål. Å vekke lesaren.

Vi møter Frmesk, ei ung kvinne innlagd på eit sjukehus i Danmark. Ho er både traumatise­rt og øydelagd. Kven har øydelagd ho? Kva har skjedd med ho? Boka vekslar mellom oppveksten til Frmesk i Kurdistan og Frmesk på sjukehuset der ho blir kjend med legestuden­ten Darya.

Vi skal til Zamwa i Kurdistan på 80-talet. Her lever kurdiske frigjering­skjemparar og pensjonert­e irakiske generalar side om side. Her lever muslimar saman med tilbedarar av zoroastris­men. I heile samfunnet er det ein gjennomsyr­a ide om at kvinnas jomfrudom er knytta til menns aere. Kvinna som mannens eigedom. Vi møter Frmesk, som er uønska av faren frå ho er fødd og difor bur hjå besteforel­dra. Er ho sikker der? Kor er det trygt? Tryggleik er eit sentralt tema i boka. Omar brukar eit malande og sanseleg språk. Det er lett å kome inn boka. Ho er velskriven og sanseleg. Her er det vinden som blir personifis­ert:

«Den lune østavinden kjempet seg umettelig gjennom Zamwas buktende gater i jakten på ofre den kunne rive over ende eller dra med seg der den glad mellom byens bygninger. Dens hese åndedrag pisket små, skarpe sandkorn opp fra veien og lot dem virvle rundt i en støvete dans langs de forblåste husrekkene. Ett etter ett glodde vinduene ut i kveldsskum­ringen med sine kantete, svarte øyne som ansiktet som stirret stivt og vitende fram fra mørket, men aldri røpte hva de så og skjulte.”

Sara Omar stiller seg i ei lang rekke forfattara­r som har skildra overlevara­r av patriarkat­et. Av norske kan eg nemne Herbjørg Wassmo og Torbjørg Nedraas. Frå utlandet vil eg nemne Toni Morrison. Maya Angelou. Det mest oppsiktsve­kkande med boka er korleis det blir skildra korleis Vesten heller ikkje er ei trygg havn mot patriarkal­ske kulturar.

Kven er denne boka for? Alle som vil beskytte kvinner mot kulturar som øydelegg kvinner.

Så denne boka er for oss aller fleste.

 ?? Kristin Auestad Danielsen ??
Kristin Auestad Danielsen

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway