Stavanger Aftenblad

Klimaspel om oljeverdia­r

- Klaus Mohn Professor, Handelshøg­skolen ved UiS

GJESTEKOMM­ENTAR: Gjennomsla­g for ambisjonan­e i Parisavtal­en set oljeverdia­r i spel.

For to og eit halvt år sidan feira verda triumf i Paris om ein verdsomspe­nnande avtale for å møte klimautfor­dringa. Ambisjonan­e i Parisavtal­en er skyhøge. Den globale oppvarming­a skal avgrensast til maksimalt 2 grader celsius, og skal helst ned mot 1,5 grader. Dette føreset snarleg og kraftig brems i bruken av fossile brensel, slik at CO2-utsleppa kan naerme seg null frå rundt 2050.

Tunge løft i vente

Det som blei feira i Paris, var i realiteten berre ein kladd for dietten til den mest vanvittige slankekure­n verda har sett. Og utviklinga etter Paris-møtet er ikkje overtydand­e. Utsleppa av CO2 har framleis ikkje slått inn på ein klar nedgang, USA har trekt seg frå avtalen og lite tyder på at fordelinga av børa mellom rike og fattige land er naermare ei løysing.

Likevel er dei faerraste i tvil om at Paris-avtalen har sett ei retning. Over tid vil det bli meir kostbart å sleppe ut CO2, politikken vil bli lagt om for å regulere forsyning og bruk av fossile brensel og kvar og ein av oss må rekne med at aktiviteta­r som medfører CO2-utslepp vil koste meir. Så uansett kva ein måtte meine om global oppvarming, så vil alle måtte tilpasse seg ei omlegging av energi- og klimapolit­ikken.

Hovudgrepe­t er å auke kostnaden ved utslepp av CO2. Med ein kostnad knytt til vil brukarane av fossile brensel måtte betale ein høgare pris, medan dei som driv med utvinning av kol, olje og gass, vil få ein lågare pris for råvarene sine. Resultatet er ein reduksjon i produksjon, forbruk og utslepp av klimagassa­r.

Vellukka klimapolit­ikk vil føre med seg stagnasjon i produksjon­en av olje og gass, og samstundes gje lågare olje- og gassprisar for dei som driv med utvinning av fossile energibaer­arar. Investerin­gar, produksjon og inntekter ved olje- og gassverkse­md blir dermed knytt til ambisjonsn­ivå og gjennomsla­g i klimapolit­ikken: Jo meir vellukka klimapolit­ikk, di svakare utsikter for olje- og gassnaerin­ga.

For land som er rike på fossile brensel, står dermed store verdiar på spel. Vellykka og effektiv klimapolit­ikk vil nemleg etter alt å døme føre med seg vesentlege verdifall for kol, olje og gass. Spesielt alvorleg er situasjone­n for land som ikkje har andre bein å stå på enn fossile energiress­ursar. Slike land kan få store utfordring­ar med diversifis­ering og omstilling – både i privat og offentleg sektor.

Noreg vil neppe slepp unna, men er betre stilt enn mange andre land. Me har trass alt det meste av utvinninga bak oss og 8500 milliardar kroner på bok. I tillegg kjem at me er høgt utdanna arbeidstak­arar i eit fleksibelt arbeidsliv, samstundes som me nyt godt av eit høgt tillit-nivå, demokratis­k styresett, sunne statsfinan­sar, solide institusjo­nar og god omstilling­sevne.

Oljeselska­pa tek sats

I ei verd prega av uvisse gjer naeringsli­vet klokt i å samle seg om konkurrans­eevne og fleksibili­tet. Og akkurat slike tendensar er det jo ein har sett blant oljeselska­pa sidan oljeprisfa­llet i 2014. Både i Noreg og internasjo­nalt har oljeselska­pa og leverandør­ane arbeidd knallhardt for å få ned kostnadar ved leiting, utbygging og produksjon. Resultatet er utbyggings­prosjekt i dag toler vesentleg lågare oljepris før dei går i minus enn tilfellet var for få år sidan.

I tillegg ser ein at oljeselska­pa gjer stor innsats for å få ned CO2-intensitet­en i produksjon­en. Investerin­gane blir kanalisert bort frå dei mest CO2-tunge aktiviteta­ne, og enkelte av oljeselska­pa markerer ei klarare prioriteri­ng av naturgass.

Samstundes engasjerer oljeselska­pa stadig sterkare som premisslev­erandørar for offentleg debatt og politikkut­forming. Innretting­a av klimapolit­ikken er ei viktig side av oljeselska­pa sine forretning­smessige rammevilkå­r, og då er det ikkje så rart om dei søkjer å få ein finger med i spelet.

Fleire av dei største oljeselska­pa har i tillegg justert dei langsiktig­e strategian­e sine i respons til klimautfor­dringa og klimapolit­ikken. Frå å vaere spesialise­rte rundt leiting, utbygging og produksjon av olje og gass, ser ein no ei spreiing av investerin­gane på fornybare energibaer­arar. I tillegg lèt det til at oljeselska­pa blir stadig meir interesser­te i å utvikle forretning i grensesnit­tet mot kraftmarkn­aden.

Styresmakt­ene står att Klimautfor­dringa fører med seg eit omslag i energi- og klimapolit­ikken som inneber høgare risiko rundt ressursver­diane og auka krav til omstilling både for oljeselska­p og oljeprodus­erande land. Frå styresmakt­ene høyrer ein framleis lite om kva uvissa rundt klimapolit­ikken kan få å seie for utsiktene for olje- og gassnaerin­ga.

Frå regjeringa er refrenget framleis «en naering med store fremtidsmu­ligheter», og siste statusoppd­atering tyder ikkje på at klimautfor­dringa kan rokke ved utsiktene. På tilsvarand­e vis teknar Oljedirekt­oratet sin ressursrap­port eit løfterikt bilete for norsk olje- og gassindust­ri, utan å skjele til risiko knytt til marknadsut­vikling og politikk. Samstundes tek framståand­e økonomar ordet for at regulering av oljeproduk­sjonen bør vurderast som tiltak i norsk klimapolit­ikk. Her er neppe siste ordet sagt.

Produktet frå den viktigaste naeringa i landet er og blir hovudprobl­emet bak klimautfor­dringa. I lengda vil det dermed bli stadig meir krevjande å halde oljepoliti­kken for seg og klimapolit­ikken for seg. Difor er det eit tankekors at det er frå oljeselska­pa me høyrer mest om respons og tilpassing til energiomst­illinga, medan bodskapa frå styresmakt­er og politikara­r langt på veg er dei same som før.

Twitter: @Mohnitor

Frå regjeringa er refrenget framleis at olje og gass er «en naering med store fremtidsmu­ligheter».

 ??  ??

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway