Stavanger Aftenblad

Fordel betre!

-

Folk strøymde til Johannes i hopetall for å bli døypte i Jordan-elva. Han såg ut som ein villmann, i ei kamelhårsk­appe og orda frå munnen hans var strenge. Dagens bibelord er henta frå Lukas 3, 10-14.

Johannes ville forandra verda. Han ropte at dei kunne koma ut i vatnet i elva. Bli døypte og kjenna at elva reinsar og tar med seg alt det gamle.

Folk kom for å høyra han tala om omvending til eit betre liv, eit liv med større rettferd, eit liv meir i samsvar med Guds vilje. Han ville forkynna at folk må venda kropp og haldningar mot noko anna enn det som tener eigeninter­essene deira. Folk kom til han. Kanskje var det fordi han sa orda som gjorde det tydeleg kva som var galt. Kanskje dei trengte å tilhøyra eit nytt fellesskap.

«Kva skal vi då gjera?» spurde folket. Han svara: ”Den som har to kjortlar, skal dela med den som ingen har, og den som har mat, skal gjera det same.” Det kom òg nokre tollarar og ville bli døypte. Dei spurde: «Meister, kva skal vi gjera?» «Krev ikkje inn meir enn det som er fastsett,» svara han. «Og vi, kva skal vi gjera?» spurde nokre soldatar. Han svara: «Truga ikkje pengar frå nokon med vald eller falske skuldingar, men ver fornøgde med løna dykkar.»

Orda talar også til oss i dag. Vi har langt meir enn to kjortlar, og overflod av mat, men vanskeleg for å dela. Det er ord til oss som gjerne vil ha meir, endå vi har meir enn nok, og som lett tenkjer på oss sjølve, når det er andre som treng omtanken vår.

«Kva skal vi då gjera?» spurde folket. 11 Han svara: «Den som har to kjortlar, skal dela med den som ingen har, og den som har mat, skal gjera det same.» 12 Det kom òg nokre tollarar og ville bli døypte. Dei spurde: «Meister, kva skal vi gjera?» 13 «Krev ikkje inn meir enn det som er fastsett», svara han. 14 «Og vi, kva skal vi gjera?» spurde nokre soldatar. Han svara: «Truga ikkje pengar frå nokon med vald eller falske skuldingar, men ver fornøgde med løna dykkar.»

Luk 3,10-14

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway