Stavanger Aftenblad

Jaerbonden har aldri opplevd liknande

- Birgitte Flote birgitte.flote@ aftenblade­t.no Jan Inge Haga jan.inge.haga@ aftenblade­t.no

EKSTREMTØR­KE: Bøndene på Jaeren må ta slåtten altfor tidleg. Ove Magne Aase trur han fort kan tape 100.000 dette året.

– Eg har aldri opplevd liknande. Det har vore tørt før, men så kjem det som regel regn og tørka går over, seier melkebonde Ove Magne Aase ved Borestrand­a.

Han trør over tørre grastustar. Jaerbonden har nyleg forsøkt å så nytt hurtigveks­ande gras innimellom alt det tørre, men det er for tidleg å seie om det monnar.

– Eg måtte ta andreslått­en tidlegare i år. På eit godt år får eg tre rundballar per mål. I år får eg ikkje meir enn ein halv.

Kvite og gule rundballar står tett i tett på marka. Dei kvite, frå andreslått­en, viser tydeleg konsekvens­en av den unormale sommaren, og er berre ein brøkdel av kva dei skulle vore.

Går med tap

Vest-Agder Bondelag har rekna seg fram til at bøndene i fylket deira manglar rundt 300.000 rundballar, skreiv Faedreland­svennen laurdag. Bonden ved Borestrand­a brukar å selge, men det tvilar han på at han får gjort i år.

– Vanlegvis sel eg mellom 300 og 500 rundballar, og får 500 kroner per stykk. Det er ikkje sikkert eg får seld noko no, seier Aase.

– Sidan vi har vatningsan­legg, kan vi klare oss ei god stund. Vi er heldige sånn sett, men det blir jo dyrt. Vi vatnar døgnet rundt, så eg reknar med vi får ei straumrekn­ing på 40.000 til 50.000 kroner i år. Eg trur eg taper minst 100.000 i år, om ein ser på både manglande sal og straumkost­nader.

– Det er fint at landbruksm­inisteren kjem med tiltak no, men for oss er det billegare straum som hadde hjulpe, seier Aase.

Landbruksd­irektorate­t har opplyst til NTB at dei ventar erstatning­ssøknader frå rundt 3000 bønder på landsbasis.

– Eg blir ikkje ein av dei, heldigvis. Der er mange som har det verre, seier han.

Blant bøndene på Jaeren, er det gjerne dei heilt ute med havet som har det tørrast no fordi gardane ligg på sandjord. Slike som Aase. Men her har også dei fleste vatningsan­legg.

– Det er ikkje krise for oss, vi har vatn. Utan vatningsan­legg på sand, kjem ein ikkje utanom at det svir seg, så dei fleste her har det. Eg har vore bonde i alle år, og opplevd liknande før, seier bonde Helge Sele.

– Sånn er det å vere bonde

Jon Tore Refve har 500 dekar i tillegg til at han leiger 200. Han har berre vatning til 250 dekar.

– Vi har vatningsan­legg til å vatne den tørraste delen, men no begynner det å bli tørt overalt. Men vi kan ikkje tenke at det er krise, i alle fall ikkje enda. Sånn er det å vere bonde, seier Refve.

Han har 300 dyr som må mettast. Ekstremtør­ka gjer at bønder på austlandet snakkar om å slakte dyr.

– Vi har framleis fôr frå i fjor, nok til i alle fall ein månad til. Regnet som var i fjor, ga dårlege avlingar mange stader, men ikkje her som det er sandjord. For oss var regnet berre bra, så her har vi ein del å gå på. Vi kjem nok ikkje til å måtte slakte, seier han.

– Det største problemet er at situasjone­n er prekaer overalt. Dei som har lite fôr kjøper vanlegvis frå Austlandet, og er det lite der, så importerer ein frå Danmark. No er det tørke langt utover i Europa. Då er det krevande å skaffe.

– Klarer ikkje hjelpe

Litt lenger innover Jaeren, i retning Pollestad, står Marianne Auestad Erga og Bård Erga og vurderer om dei skal starte på neste slått, sjølv om dette inneber å berre få 25 prosent av normalen.

Her inne er jorda anleis. Her er det ei tyngre matjord, og sidan jorda mellom anna består av leire, vil det bli som betong dersom ein vatnar den hardt. Difor er det få her som har vatningsan­legg. Dei har aldri trengt det før.

Nationen skreiv laurdag at mange bønder hjelper kvarandre gjennom krisa. Også på Jaeren er det lang tradisjon for å hjelpe med å selge fôr til dei som har eit trått år.

– I fjor ga vi mykje hjelp til ein bonde som sleit veldig på grunn av all nedbøren. I år har vi ingenting å gå på, så vi har ikkje nok til å hjelpe andre, seier Marianne Auestad Erga.

Graset som på denne tida skulle gått langt oppetter leggane, er berre nokre få centimeter.

– Vi risikerer å måtte ta neste slått no, og då får vi berre 25 prosent av det vi skulle hatt. I beste fall får vi halvparten, seier Bård Erga.

– Vurderer

– Nei, det er for dyrt, og det er så seint på sommaren allereie at eg trur ikkje vi vil tene på det. Vi skal klare oss, men kjem ikkje til å ha noko å gå på til neste år. Får vi eit slikt år neste år også, er det ille, seier han.

de

å

kjøpe

vatningsan­legg?

 ??  ?? Bøndene har lang tradisjon for å hjelpe dei som har eit dårleg år. Marianne Auestad Erga og Bård Erga har så dei klarer seg sjølv, men ikkje nok til å gi hjelp i år.
Bøndene har lang tradisjon for å hjelpe dei som har eit dårleg år. Marianne Auestad Erga og Bård Erga har så dei klarer seg sjølv, men ikkje nok til å gi hjelp i år.
 ??  ??

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway