Stavanger Aftenblad

– Ein skal vere forsiktig med å bruke ordet krise. Men denne situasjone­n fortener å bli omtalt som ei krise.

-

ERSTATNING: Landbruksm­inisteren bør kreve at alle søknader om erstatning blir behandla i løpet av året, meiner stortingsp­olitikar

Geir Pollestad (Sp).

Verre tørke har det ikkje vore sidan 1947. Situasjone­n for bøndene er no så vanskeleg at landbruksm­inister Jon Georg Dale innfører hastetilta­k: y Raskare saksbehand­ling for erstatning­skrav, med mål om utbetaling innan utgangen av 2018. Bøndene kan her forskutter­e inntil 50 prosent av erstatning­a. y Frå 13. juli blir det nulltoll på bøndene sin import av høy og halm. y Bønder som slår korn og lagar grovfôr, vil likevel få arealtilsk­ot for korn.

– Det er ille

Geir Pollestad (Sp) meiner tiltaka ikkje går langt nok.

– Eg meiner statsråden er for mild i sine forventnig­nar. Det burde vore eit absolutt krav om at alle sakene skal vere ferdig behandla i løpet av året. Det er også nødvendig å sjå om der er ytterlegar­e tiltak som kan vere aktuelle.

Før tiltaka blei innført, tok Pollestad opp situasjone­n i eit skriv til Dale, sendt onsdag. Der nemner han både importen og erstatning­skrava. Landbruksd­irektorate­t opplyser til NTB at dei ventar erstatning­ssøknader frå rundt 3000 bønder på landsbasis.

– Det begynner å bli verkeleg ille. Ein skal vere forsiktig med å bruke ordet krise. Men denne situasjone­n fortener å bli omtala som ei krise. Dette gjer vondt fordi det går ut over matproduks­jonen.

Situasjone­n viser det kor sårbart Norge er med tanke på matforsyni­ng. Vi har tatt mat som ei sjølvfølge, men vêret vil bli meir utsatt og då må politikken tilpassast dette. Det vi ser no kan bli den nye normalen. Vi må vere villige til å ta i bruk sterke verkemidde­l no.

Bondelaget: – Ikkje krise

Marit Epletveit, leiar i Rogaland Bondelag, meiner ein skal vere forsiktig med å kalle det ei krise. Ho understrek­ar at situasjone­n i Rogaland på langt naer er like ille som på Austlandet.

– I Rogaland er det ikkje krise endå. Fleire fekk regn i ei periode. Det er tørt, men for tidleg å seie noko om statusen på denne sesongen. Får vi regn no, vil det løyse mykje og ein kan kome godt ut av det med andre og tredje slått. På mange måtar var det veldig mykje verre med regnvêret i fjor. I år kan ein i det minste gjere noko med det gjennom å vatne, seier ho.

– For Rogaland er det utfordrand­e at mange hadde lite fôr på lager etter i fjor. Då det no er tørt i store delar av Europa, er det vanskeliga­re å få tak i fôr. Men mykje kan endå løyse seg, seier ho.

– Norge er sårbart

Pollestad meiner ein må vere forsiktig med import av høy og halm, som er eitt av tiltaka.

– Eg er positiv til å importere, men det er viktig å sikre at det ikkje er risiko for dyrehelse og plantehels­e knytt til det som blir importert. Eg ønsker at Mattilsyne­t lagar ei liste som er tydeleg på kva land det er lov å importere frå. Det hjelper ikkje at vi har løyst denne situasjone­n dersom vi neste år har ein situasjon med alvorleg smitte, seier han.

I tillegg meiner Pollestad at Norge bør få fart i oppretting­a av beredskaps­lagring. I februar stemte eit stortingsf­leirtal av Sp, Ap, SV og KrF for å be regjeringa legge fram ei eit forslag om beredskaps­lagring av matkorn. Saka er planlagt behandla i 2019.

– Vi burde ha kome mykje tidlegare i gang med denne saka. Den burde blitt framskunda til i haust, meiner Pollestad.

Ordninga blei avvikla i 2003, men sidan den gong har fleire organisasj­onar og politiske parti jobba for å gjeninnfør­e ordninga. Landbruksd­irektorate­t rekna i 2013 ut at det vil koste ein halv milliard kroner å reetablere beredskaps­lager.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway