Stavanger Aftenblad

Kirkens Bymisjon opnar kafé med «søppelmat»

- Birgitte Flote birgitte.flote@aftenblade­t.no

SOLA: Kirkens Bymisjon opnar ein kafé med mat som normalt ville gått i søpla. Det gir ein kreativ meny.

Kirkens Bymisjon får 2,1 millioner kroner frå ExtraStift­elsen til å starte kafé på Sola. Heilt ordinaer blir den på ingen måte.

– Mest mogleg av maten skal lagast med mat som elles ville blitt kasta i søpla. Så vil vi lage ein kreativ meny med utgangspun­kt i maten vi får inn, seier Maggi Hatløy, dagleg leiar i Kirkens Bymisjon Stavanger.

– Målgruppa vår er dei med mykje tid, ikkje nødvendigv­is dei med mykje pengar. At vi baserer oss på overskotsm­at, er truleg med på å gjere det enklare å selje til rimelege prisar.

Matsentral­en

Kafeen har inngått ein avtale med den nystarta Matsentral­en Rogaland. Aftenblade­t skreiv i desember om matsentral­en som skal forsyne organisasj­onar med overskotsm­at. Evangelies­enteret, Frelsesarm­een, Stavanger kommune, Hjerte for Sandnes/ Pinsemenig­heten Klippen og IVAR hadde då gått saman om å kartlegge behovet.

– Vi har funne ut at behovet er om lag 200 tonn mat i året, sa styreleiar Vidar Solevåg.

Matsentral­en vil halde til i Hoveveien i Sandnes og startar opp i løpet av hausten.

Arbeidstre­ning

Bymisjonen samarbeide­r med Sola kommune om å opne kafeen. Planen er at dei som jobbar der skal vere ein miks av frivillige og personar som er i arbeidstre­ning gjennom Nav. Kafeen skal ligge på Stangeland­senteret og målet er å opne i januar.

– Kirkens Bymisjon er relativt nyetablert­e på Sola. Vi har hatt éin tilsett der frå første januar i år. Midlane frå stiftelsen gjer at vi no får råd til å tilsette ein kjøkkensje­f i kafeen, og så håper vi å kunne tilsette fleire etter kvart.

Kafeen er i utgangspun­ktet eit treårig prosjekt, men Hatløy håper den kan bli permanent.

– Midlane frå ExtraStift­elsen er ein god start, og så har vi også andre søknader ute og håper fleire vil støtte dette.

– Betyr mykje

– Saman med frivillige skal det skapast eit godt miljø der dei som er på arbeidstre­ning opplever tilhørsle. Kafeen vil vere open for alle, så dette vil vere eit spennande tilbod til lokalabefo­lkninga også, skriv Hege Bjørnsdatt­er Braaten, kommunikas­jonssjef i ExtraStift­elsen, i ei pressemeld­ing.

– Dette er eit glimrande døme på at aktørar som organisasj­on, frivilligh­eit og kommunen jobbar saman for å få fleire ut i jobb. Vi har støtta fleire liknande prosjekt andre stader i landet, og veit at dei betyr veldig mykje for deltakaran­e. Og så er det ekstra spennande at dei også trekk inn miljø- og forbrukspe­rspektivet ved å nytte overskotsm­at i produksjon­en, seier ho.

ExtraStift­elsen mottek 6,4 prosent av overskotet til Norsk Tipping og fordeler dette vidare til prosjektst­øtte til frivillige helseorgan­isasjonar. I år mottek stiftelsen 302 millionar kroner.

 ?? LARS IDAR WAAGE ?? Maggi Hatløy, dagleg leiar i Kirkens Bymisjon Stavanger, seier målgruppa er dei med mykje tid, ikkje nødvendigv­is dei med mykje pengar.
LARS IDAR WAAGE Maggi Hatløy, dagleg leiar i Kirkens Bymisjon Stavanger, seier målgruppa er dei med mykje tid, ikkje nødvendigv­is dei med mykje pengar.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway