Stavanger Aftenblad

Håland hagesenter kjem ikkje unna bomstasjon­ane

-

Fylkesmann­en er klar over ulempa dei to bomstasjon­ane vil ha for Håland hagesenter, men meiner det er beste alternativ.

Fylkesmann­en har vurdert klaga frå Håland hagesenter og vel å oppretthal­de vedtaket frå Kommunalst­yret for byutviklin­g om at to bomstasjon­ar skal etablerast ved Nedre Stokkavei og E39. – Vedtaket er det verst tenkelege for oss og for miljøet. Tusenvis av bilar vil no køyre omveg for å kome heim til Vestre Stokka eller til oss. Samfunnet si oppgåve er å redusere trafikken og ikkje auke den, sa Håland til Aftenblade­t då

saka blei politisk vedtatt.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway