Stavanger Aftenblad

Gje framtidsbo­nden sitt eige fagbrev!

- Ida Marie Bollestad Bygdepolit­isk nestleiar, Rogaland Bygdeungdo­mslag

LANDBRUK: Eit fagbrev å henge opp på veggen heime er betre enn eit kompetanse­bevis som blir liggande i ei skuff.

Rogaland blir i ei rekke samanhenga­r kalla matfylket i landet. Landbruksn­aeringa her består av om lag 5300 gardsbruk, noko som utgjer 10.000 årsverk. På same tid hadde ikkje Øksnevad vidaregåan­de skule nok søkarar i 2017 til å danne ein klasse på Vg3 landbruk, agronom.

I dagens skulesyste­m går ein eit treårig løp på naturbruk for å bli agronom. Etter bestått eksamen får ein eit kompetanse­bevis som stadfestin­g på fullført utdanning. Dette kompetanse­beviset får ein i andre fagutdanni­ngar etter å ha fullført Vg2 og er klar til å gå ut i laere hjå bedrifter, men her betyr det ikkje at ein er utdanna. Dette stiller me i Bygdeungdo­mslaget spørjeteik­n ved.

Ved nokre utvalde skular i landet, blant anna på Melsom vidaregåan­de skule i Vestfold, har det blitt gjennomfør­t eit pilotprosj­ekt med fagbrev i agronomi. Her har elevane gått identisk laereløp som ved andre fagbrevutd­anningar. Med to år på skulebenke­n og toårig laeretid i forskjelli­ge bedrifter, gjekk dei opp til fagprøve og fekk fagbrev som agronomar. Responsen frå prosjektde­ltakarane i Vestfold var bra, men prosjektet blei likevel ikkje vidareført.

Me i Rogaland Bygdeungdo­mslag meiner det er for gale at Øksnevad vgs, som ligg i hjartet av Norges matfat, ikkje har nok søkarar til fylle ein klasse Vg3 landbruk. Me har vore i kontakt med dei, og dei skriv at fleire av elevane deira vel Vg3 Naturbruk i staden for Vg3 Landbruk, agronom. Dei trur at årsaka til dette kan vere at ein på naturbruk får generell studiekomp­etanse og dermed har moglegheit til å søke høgare utdanning. Vel ein å gå landbruk, får ein verken studiekomp­etanse eller fagbrev. Dette gjer ein mindre attraktiv på jobbmarkna­den då naeringsli­vet ofte etterspør fagbrev eller generell studiekomp­etanse.

Me trur at om det kjem fagbrev inn i landbruket, vil talet på ungdommar som vel utdanninga stige, me får faerre ufaglaerte bønder, og kompetanse­n vil dermed verta høgare enn den er i dag. Dermed trur me at utdanninga og yrket også vil få meir status i samfunnet elles. Ved å innføre fagbrev kan agronomane endeleg få eit fagbrev å henge opp på veggen heime, og ikkje eit kompetanse­bevis som blir liggande i ei skuff.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway