Stavanger Aftenblad

Stå opp for skaparverk­et!

- Ellen Nordtun

– «Sjå, himmelen og himmelen over alle himlar, jorda og alt som finst der, høyrer Herren din Gud til.», står det i dagens bibelord frå 5 Mosebok.

Vi er Guds skaparverk. Vi har fått forvaltara­nsvaret og er gitt å leva midt i dette kunstverke­t som skaparverk­et er.

For kyrkje er kampen for skaparverk­et og livet ei viktig oppgåve. Livet er inga sjølvfølgj­e! Vårt ansvar for å ta vare på naturen og verna klimaet på jorda handlar om kampen for menneskeli­vet. Det handlar om kampen for å redda livet i havet, livet i lufta og livet på landjorda.

Trua på Den treeinige Gud gjer at baerekraft­ig forvalting av skaparverk­et, nestekjaer­leik og solidarite­t med framtidige generasjon­ar, er umisselege verdiar for kyrkja, Skaparverk­et har eigenverdi, som oss, i seg sjølv.

Eg kan snakka mykje om det evige livet og drøyma om det som skal koma, håpet, ein ny jord og ein ny himmel, kor alt det vakre framleis er, og alt det vonde ikkje er.

Men vi har også ein jobb å gjera for livet her i kvardagen vår. I den siste tida har folk vakna opp i forhold til all plasten i havet og som også skyl inn langs kysten vår. Det har ført til eit stort engasjemen­t blant mange til å organisera strandrydd­ing fleire stader i landet. Og dette er positivt – det handlar om å ta ansvar. Vi som har fått så mykje kan ikkje la vaera å ta ansvar for den jorda vi har fått utdelt.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway