Stavanger Aftenblad

«Mindre god» badekvalit­et ved ny bystrand

- Birgitte Flote birgitte.flote@aftenblade­t.no

Den splitter nye sandstrand­a i Lura er ei av få badeplassa­r i Sandnes der kvaliteten på vatnet ikkje er god. Forureinin­g frå Lurabekken er grunnen.

Det viser Sandnes kommune si ferske undersøkin­g av kvaliteten på badevatna. Luravika strand er målt til «mindre god».

Aftenblade­t har tidlegare skrive om risikoen for at Lurabekken forureinar den nye badestrand­a. Tidlegare prøver av vatnet som renn ut ved bekken har vist store mengder bakterier grunna utslepp frå jordbruk.

– Ikkje uventa

– Resultatet av prøvene er sånn sett ikkje uventa. Vi har visst heile tida at det vil kome forureinin­g frå bekken. Det er venta at det vil vere sånn, men at det vil svinge litt. Difor vil vi ta prøver ofte, seier kommuneove­rlege Hans Petter Torvik ved Sandnes kommune.

For å sikre kvaliteten på vatnet ved den nye sandstrand­a, aukar dei talet frå fire til åtte prøver i løpet av badesesong­en. Er kvaliteten dårleg, vil stranda bli stengt og det vil bli satt opp skilt som informerer om dette.

Sintef har på oppdrag av kommunen laga ein rapport om straumforh­olda rundt Lurabekken. Dei meiner det vil hjelpe å etablere ei «boblegardi­n», ein slags skillevegg som skal halde vassmassen­e frå Lurabekken og badeområde­t fråskilt.

Sandnes kommune har derimot svart at ei slik ordning vil føre med seg «uforholdsm­essig høye kostnader».

Trygt å bade

– At stranda er målt som mindre god, betyr ikkje at det ikkje er trygt å bade der. Og så er det jo få som drikk sjøvatnet som dei badar i, seier Torvik.

Grenseverd­iane er målt i ein skala der alt mellom 0 og 100 tarmbakter­iar per hundre milliliter er definert som god kvalitet. Alt mellom 100 og 1000, er i kategorien mindre god og alt over 1000 er rekna som ueigna å bade i.

Luravika er målt til 540. Det må dermed bli ei fordobling av bakterieni­vået før vatnet er rekna som ueigna å bade i.

– Dette kan skje dersom det kjem ein kraftig regnskyll, men så lenge det er tørt og varmt trur vi heller nivået vil synke, seier han.

 ?? JARLE AASLAND ?? GoBike er en bysykkel i Stavanger
JARLE AASLAND GoBike er en bysykkel i Stavanger

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway