Nett-klatreparken har 160 bestillingar ei veke før opning
SANDNES: Neste veke får det populaere turområdet i Melshei ein nett-klatrepark. Barnebursdagar og utdrikningslag har for lengst begynt å legge inn bestillingar.
– Eg har litt høgdeskrekk, men i nettet kjenner eg meg trygg, seier Linda Davis Hov.
Gründeren bak selskapet Skogsprett AS står om lag ti meter over bakken i eit digert nett. I dette nettet, i skogen mellom Melshei og Rogaland Arboret, skal opptil 85 personar kunne hoppe og sprette rundt, og kaste seg i sklier og trampoliner.
Barnebursdag og utdrikningslag
Klatrenettet opnar søndag neste veke, men det er allereie mange som har vist interesse.
– Vi har fått 160 bestillingar til no. Det er ein del barnebursdagar, men også utdrikningslag og foreiningar. Familier er hovedmålgruppa vår, men vi forsøker å kome på mange kreative måtar å bruke det på. Seinare i dag kjem det ein yoga-instruktør for å teste om det er mogleg å ha yoga-timar i nettet.
Sist Aftenbladet snakka med Davis Hov, var det usikkert om det også skulle byggast ein ordinaer klatrepark der ein kan klatre forskjellege løyper med sikring. No er dei i gang med å bygge dette, og det er venta å vere klar til august.
– Det var mange som spurte oss om vi ikkje skulle ha det, og vi tenker det er mange som vil synes det er kjekt. Målet er å ha noko for heile familien, og på sikt vil vi også bygge ein leikeplass for dei aller minste ettersom aldersgrensa for å vere i nettet er to år.
Nettet skal vere i bruk året rundt. Dei som kjem dit vil få to timar i løypa. Ein må kjøpe billett for å få klatre.
– Ideen fekk vi etter å ha besøkt klatreparkar i Belgia og England. Det er kjekt, men også veldig god trening. Etter to timar her skal ein ikkje bli overraska om ein har gangsperre.
4–5 millionar er investert i klatreparken. Blant investorane er aktivitetssenteret TrollAktiv som Davis Hov sin far driv i Evje.
– Dette er min nye jobb, og eg gler meg til å kome i gong, seier Davis Hov som fram til i vår har jobba som flyvertinne.
Skogsprett har inngått leigeavtale med Statsskog og Rogaland Arboret på det 13 mål store området. I tillegg har dei bygd parkering til 120 fleire bilar.
Politisk fleirtal
Sidan området ligg i LNF-området (Landbruks-, natur- og friluftsområde), måtte dei søke om dispansasjon.
– Bygginga av klatrenettet har gått raskt, den starta i mai, men heile prosessen har tatt eit år, seier ho.
Utval for byutvikling i Sandnes ga i juni tommel opp med eit fleirtal på ni stemmer mot eit mindreal på fire.
Mindretalet beståande av Høgre og KrF foreslo å gi grønt lys under føresetnad av at det blir bygd gang- og sykkelveg langs Melsheiveien. Fleirtalet stilte seg bak Martin S. Håland (Sp) sitt forslag om å be om sterkt fartsregulerande tiltak i Melsheiveien, for å ivareta gåande og syklande.
I søknaden legg selskapet vekt på at dei bygger eit festesystem med installasjonar som er vennlege mot trea slik at skogen vil kunne fortsette å vokse uforstyrret. Det blir også bygd stiar for å hindre slitasje på røttene.
I ei tidlegare sak om klatraparken, blei selskapet omtalt som Skogsprell. Selskapet er det same, men har sidan den gong skifta namn til Skogsprett.
Familier er hovedmålgruppa vår, men vi forsøker å kome på mange kreative måtar å bruke det på. Seinare i dag kjem det ein yoga-instruktør for å teste om det er mogleg å ha yogatimar i nettet.
Linda Davis Hov