Stavanger Aftenblad

Legg til sides etter evne

- Ellen Nordtun

Paulus gir i dagens bibelord (1. Kor 16, 1-4) kyrkjelyde­n klare råd om å vera med å dela med andre. Paulus har mellom anna følgjande råd til kyrkjelyde­n i Korint: «Første dagen i veka skal kvar av dykk leggja til sides heime hos seg sjølv så mykje som de er i stand til.»

For det første ber han folk i kyrkjelyde­n leggja til sides ei pengegåve første dagen i veka. I vår tid betyr kanskje dette når vi får lønna inn på kontoen. Vi har lett for å tenkja motsett og sjå kva som blir til overs når månaden er over.

For det andre oppfordrar Paulus til å gi så mykje ein er i stand til. Gode og realistisk­e råd frå Paulus også til oss i dag.

Ingen klarer å gjera alt, man alle kan gjera noko. Med andre ord, er alle små bidrag med å gjera ein forandring i rett retning.

Skilje mellom dei fattige og dei rike landa i verda har aldri vore større enn i dag.

Utfordring­ane er store. Alle saman sit vi kring verdas langbord. Vi her i Noreg er velsigna med gode ressursar, og vi må vel også seia at vi så langt har forsynt oss godt.

Vi må hugse på at dette, verdas langbord, er eit fellesbord som skal ha plass til alle og nok til alle. Og at vi ingenting har som vi ikkje har fått frå Gud. Og fordi vi sjølv har fått, skal vi dela og gje.

Det er di trufaste gåve, det er dine gode ord kvar dag, det er di trufaste bøn og utstrekte hand som gir håp for forandring.

 ?? VIBEKE STEEN, FOTOGEN ?? Otilie og Adrian Nordbø.
VIBEKE STEEN, FOTOGEN Otilie og Adrian Nordbø.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway