Stavanger Aftenblad

Den nådige dommaren

- Ellen Nordtun

I dagens bibelord (Matt, 7.1-5) talar Jesus om dommen. Døm ikkje, så de ikkje sjølve skal bli dømde.

Vi har lett for å dømma andre, og opptre som dommarar.

Jesus seier at vi ikkje skal gjera dette. Det er Han som skal stå for dommen over oss. Vi menneske har så lett for å sjå feila hos andre, samstundes som vi ikkje ser våre eigne feil.

Jesus ord handlar ofte om korleis vi skal møte kvarandre. Han har bedt oss om å elska Gud og nesten vår, som oss sjølve. Vi er dyrebare i Guds augo, så dyrebare at vi var verdt å døy for.

«I språket er det bare én bokstav som skiller mellom lykke og ulykke. I livet enda mindre.»

(Hans Børli)

Det er mykje klokskap i desse orda til Børli. Liva våre er sårbare, og det er kort mellom lykke og ulykke. Hell og uhell.

Det er fort gjort å trå feil og derfor er det godt å vita at vi alle skal dømmast av den same Dommaren, Jesus Kristus, han som alt har tatt straffa vår på seg.

Vi skal vaere takknemleg­e for at det er Gud og ikkje menneska som skal dømma. For Gud er ein nådig dommar. Eg trur ikkje han sit med raudblyant­en og leitar etter feil. Men heller gler seg over alt som er godt i liva våre og set smilefjes og «tommel-opp» i margen.

Denne erkjenning­a kan gjera at vi ser det meir klart. Det er ikkje mykje klarsyn når det ligg ein bjelke i vegen for sikta. Då er det godt å vita at Jesus ber oss om å sjå på nesten med den same kjaerleik som vi har til oss sjølve. Det er også Han som tilgir oss gong etter gong og lar oss prøva på nytt.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway