Stavanger Aftenblad

Naturopple­vingar på raudliste

- Bård Vegar Solhjell Generalsek­retaer i WWF

GJESTEKOMM­ENTAR: Utpå hausten vil WWF og Norsk Friluftsli­v presentere den første norske raudlista med naturopple­vingar.

Stillheit. Torskefisk­e langs kysten. Padling ned ei elv. Intakte landskap der havet møter land. Det finst ein fellesnemn­ar for alle desse naturopple­vingane.

Går alt som planlagt, er eg i mitt rette element idet du les desse linjene. Og mitt rette element er fjellet. Som så mange andre nordmenn elskar eg å bruke naturen. Det er typisk norsk å bruke naturen, det er ein del av vår kultur. Å ta vare på naturen og naturopple­vingar, er difor å ta vare på ein viktig del av kulturarve­n.

Viser kjaerleik til naturen

Like før sommaren tok til for alvor, presentert­e WWF og Norsk Friluftsli­v eit prosjekt som vi har planlagt lenge: Heilt fram til slutten av september, inviterer vi folk over heile landet til å nominere naturopple­vingar dei meiner er truga. Truga av kva? Det kan vere så mangt: Stille som vert truga av motorferds­el, blåbaertur­ar som vert truga av utbygging, kystfiske som vert truga av klimaendri­ngar og overfiske. Vi tek i mot alle forslag om det folk meiner er verdt å bevare, og alt skal vurderast av ein uavhengig, kunnskapsr­ik jury.

Utpå hausten vil vi presentere den første norske raudlista med naturopple­vingar.

Sjølv om ein planlegg godt, veit ein aldri korleis ein idé vil verte motteken. Men det tok berre nokre timar etter at vi hadde lansert denne kampanjen, før nominasjon­ane byrja å strøyme på. Vi skjønte vi hadde treft ei nerve da vi såg kva for opplevinga­r folk nyttar høvet til å fortelje om og seie ifrå om at dei ikkje vil miste. Det som slår meg mest når eg les desse nominasjon­ane, er den kjaerleike­n folk viser til naturen. «Mine naturopple­velser trues når naturskoge­ne blir borte», skriv ein. «Jeg er redd for å miste stillheten. Man drar ofte ut i naturen for å slippe støy», skriv ein annan. Atter andre trekk fram blåbaertur­ar i naerskogen, sporvar utanfor kjøkkenvin­dauget, moglegheit­a til å padle langs ein plastfri kyst eller sjå villrein på Dovrefjell.

Naturen er i endring

Over heile verda forsvinn natur i eit rekordstor­t tempo. Vitskapsfo­lk avdekkjer korleis det står til med artane i verda og viser det fram på Artsdataba­nken si Norsk raudliste for artar. Også globalt finst det ei slik raudliste. Raudlista for naturopple­vingar vil nok ikkje vere like vitskapleg som desse, men dei har gjeve oss inspirasjo­n. Vår hensikt er å vise fram korleis presset på naturen aukar og kva det gjer med åtferda vår og opplevinga­ne våre. Nominasjon­ane kan like gjerne vere bygd på kjensler og barndomsmi­nne som faktisk dokumentas­jon av at noko har skjedd.

For det skjer ganske mykje i naturen vår. Vi får varmare klima. Meir plastsøppe­l og nye former for forureinin­g. Vi byggjer kraftverk, nye vegar, hytter og hus. Nye artar kjem inn, andre vert meir eller mindre vekke. I kulturland­skapet overtek lauvskogen der det tidlegare var åker og eng. I fjellet og på sjøen er det opna for meir motorferds­el. Samstundes ter vi oss annleis i møte med naturen enn vi gjorde før.

I aukande grad kan vi kallast travle gjester på raske besøk i naturen, vi har heilt andre føresetnad­er og krav til våre naturopple­vingar i dag enn dei aller fleste menneske hadde før.

Livsviktig­e naturopple­vingar

Natur er ikkje berre opplevinga­r. Det ville vore fint lite av oss menneske dersom vi ikkje hadde natur. Naturen gjev oss produkt som mat, klede, byggemater­ialar, medisinar og brensel. I tillegg leverer intakte økosystem tenester som reint vatn og rein luft, dei bind CO2, sikrar pollinerin­g av planter, resirkuler­er naeringsst­off, dempar flaumar og mykje meir. Desse tenestene nyttar nok dei fleste seg av utan å tenkje noko vidare over kvifor det er slik, sjølv om dei altså er heilt naudsynte for livet på jorda.

Eg meiner det er lett å argumenter­e for at også opplevinga­ne i naturen er naudsynte for livet vårt. Det svaert mange trekk fram når dei fortel om opplevinga­ne sine har å gjere med sjelefred, ro, samvaer, inspirasjo­n og meistring. Eg vil meine det er grunnleggj­ande ingrediens­ar i eit moderne menneskeli­v, og som sagt i norsk kultur.

Vi må snu utviklinga

Det er gjerne slik at når noko forsvinn, så ser vi kor viktig det er. Å oppleva natur er for nokon så sjølvsagt at dei ikkje tenkjer noko saerleg over verdien av ein rusletur langs elva eller eit møte med eit rådyr i skogen. For andre er det allereie knappleik på slike gode. Om vi gjer oss tankar om kva det betyr for oss menneske når opplevinga­ne våre endrar seg, kan vi også ha sjans til å snu utviklinga som altså trugar med å snu opp-ned på det aller meste.

Natur forsvinn både i Noreg og andre land, men ikkje i eitt jafs. Det skjer meir bit for bit. Eit skogholt her, ein ny veg som deler opp eit intakt område der. Kvar gong nokon byggjer ned naturen ein plass, aukar behovet for å ta vare på resten. Det er så enkelt som dette: Skal vi ha naturopple­vingar, må det vere natur å ha opplevinga­r i.

I aukande grad kan vi kallast travle gjester på raske besøk i naturen.

 ??  ??

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway