Stavanger Aftenblad

Gud tar oss på alvor

- Ellen Nordtun

Lat oss ikkje lenger dømma kvarandre! Døm heller slik: Ingen må få bror sin eller syster si til å snubla og falla. Dette er Paulus ord til romarane og til oss i dag.

Paulus formanar oss i dagens bibelord med den strenge og samstundes milde røysta. Døm ikkje kvarandre! Sjå ikkje ned på kvarandre. Få ikkje bror din eller søster di til å snubla og falla. Vi er snare med å fella dommar over andre menneske utan å tenkja over det vi gjer.

Paulus formanar oss fordi det ikkje er likegyldig kva som er rett og gale, og peikar på at vi alle skal fram for Guds domstol.

Då er det godt å vita at dommen er eit bodskap om håp om at Gud tar oss på alvor. Guds dom betyr at ikkje noko liv er likegyldig. Ingen av oss lever berre for oss sjølve. Vi angår kvarandre og Gud. For også bror din og søster di er omfatta av Gud si omsorg og gode vilje, akkurat som du.

Dommen betyr at sanning og rett betyr noko. Noko er rett og noko er gale. For utan dom, inga rettferd. Og utan rettferd, kan vi ikkje vita kva nåde er.

Tanken om dommen er ein god tanke fordi den kristne trua kjenner berre éin dommar. Det er Gud sjølv.

Gud tar oss på alvor, og er ein barmhjerti­g og nådig Gud. Ein som ser den einskilde og veit noko om kor komplisert livet kan vera. Ein som veit at det er menneskele­g å feile, men som kan gje oppreising. Det kristne framtidshå­pet er grensespre­ngjande.

 ??  ??

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway