Stavanger Aftenblad

Hatet etter terroren 22. juli

- Jarl Wåge Laerar og skribent

UTØYA: Det må sterkare lut til frå Erna Solberg enn «Jeg ville ha uttrykt meg på en annen måte» om ikkje høgreekstr­emismen skal bli viltveksan­de ugras på hennar vakt.

Søndag mintest vi 22/7-offera. Fredag leste eg A-magasinet sin rystande og hjarteskje­rande reportasje om hat og drapstrugs­mål mot mange av dei som «var freidige nok» til å overleve Utøya-terroren. Hat og hets frå terrorens vonde avkom har florert. Kripos har mottatt 6070 meldingar om netthat i månaden. Det talet blei meir enn tredobla i mars etter Sylvi Listhaug si famøse fbmelding om at Ap prioritere­r terrorista­r framfor å sikre Noreg sine innbyggjar­ar. Kripos si nettpatrul­je meiner at auken er eit direkte resultat av dette utspelet.

Listhaugs medansvar

Utsegna skapte kolossale bruduljar. Oppegåande politikara­r skjønte at dette ville trigge og fyre oppunder høgreekstr­emt hat mot AUF-arar spesielt og Ap generelt. Dei som ikkje tok dette innover seg, var mellom andre Frp sin Jon Helgheim, som fyrst lanserte ideen, og Sylviwhen-sorry-seems-to-be-the-hardest-word-Listhaug.

Ei spade er ei spade: Listhaug har medansvar for at traumatise­rte ungdomar som har kjent terror bokstavele­g talt på kroppen, no får trauma forsterka. Ho har vore med på å legitimere hatet mot dei.

I fleire år har eg drive med djupdykk i høgreekstr­eme fjesbok-grupper som «Fra folkedypet», «Fedrelande­t viktigst» og ikkje fullt så ekstreme «Sylvi Listhaug som statsminis­ter i Norge». Der formeleg gjørmebada eg i rasisme, homohat, muslimhat og eit intenst hat mot Ap og AUF. Ikkje bare hat, forresten. Der finst òg ei nasegrus beundring og idoliserin­g av Sylvi Listhaug. Ho er det blonde, nordiske håpet. Ei Jeanne d`Arc. Frelsaren som skal berge våre kristne, norske verdiar.

Etter djupdykka skreiv eg kronikkar om opplevinga­ne i dei mørke gøymene. Der oppfordra eg òg Listhaug til ein gong for alle å ta endeleg oppgjerd med dei ekstreme disiplane sine. Ho har sagt i frå at høgreekstr­emisme ikkje vil bli tolerert. Men langt frå kraftig nok, for ho er framleis deira blonde håp. Ein posisjon som bare blei styrka då ho blei «heksejaga av eliten» frå justismini­sterposten og attende til Stortinget.

Listhaug er sjølvsagt ikkje einaste årsak til auka og meir synleg høgreekstr­emisme. Det er å tilleggje henne meir påverknads­kraft enn ho har. Massiv innvandrin­g over mange år er ein anna viktig grunn. Mange er oppriktig redde for det ukjende som kjem innover grensene våre og søkjer difor tilflukt hos dei som vil jage dei framande på dør.

Frp må ta sin del av ansvaret

Det har heile tida gått ein brun tråd gjennom partiet sin historie. Og nei. Eg seier ikkje at partiet er nazistisk! Historia går tilbake til då Carl I. Hagen i 1987 leste eit falskt Mustafa-brev for partifella­r der det blei hevda at muslimar skulle ta over Noreg. Nei, forresten. Det starta lenge før. Med Anders Lange si støtte til apartheid i Sør Afrika. Han meinte at svarte ikkje var i stand til å styre seg sjølve. Det heldt fram med at Frp sin Øystein Hedstrøm deltok på eit hemmeleg møte med høgreekstr­eme på Godlia Kino. Seinare kom Tybring-Gjedde sin artikkel, «Drøm fra Disneyland», om multikultu­ralisme der han, som 22/7-terroriste­n i sitt «Manifest», klaga AP for å ville dolke norsk kultur i ryggen.

Konstant mistenkele­ggjering av muslimar og asylsøkjar­ar har òg hatt verknad. Som Siv Jensen sitt snakk om snikislami­sering. Og ulike Frp-mantra som svenske tilstandar, lykkejeger­ar, veldferdsp­rofitørar, heile verda sitt sosialkont­or og sugerør ned i statskassa.

Sist Siv Jensen verkeleg blei lagt merke til offentleg, var då ho brølte «Morna Jens». Sidan har ho bytta til innestemme og blitt borte i finansdise­n. Partileiar­en har aldri kritisert Listhaug for stigmatise­rande og tendensiøs­e utspel. Kanskje ho ikkje tør. Ho veit at Listhaug har ei høg stjerne og at kritikk kan boomerange attende på henne sjølv. Men skal Siv Jensen klare å klippe av den brune tråden som skjemmer partiet, må ho hente fram att morna-jens-stemma og brøle at høgreekstr­emisme ikkje på nokon måte harmonerer med Frp. Om ho vil. Om ho tør.

Unnvikande Solberg

Erna Solberg slepp heller ikkje unna. Ho lanserte med brask og bram ein kampanje mot netthat som førebels bare har vore fine ord. Hat er som rust. Det blir ikkje borte om ein malar fasadar.

Det er Solberg som har invitert Frp inn i regjering. Då Heikki Holmås i SV, til liks med utanlandsk presse, i 2013 påstod at det nye regjerings­partiet var høgrepopul­istisk, blei Solberg brått dronning av hersketekn­ikk og kalla Holmås ein liten friskus som burde passe munnen sin. Sikkert ekkelt for henne då at Frp-parhestane Christian Tybring-Gjedde og Per-Willy Amundsen nyleg nemnde hyperpopul­istiske Sverigedem­okraterna som naturleg samarbeids­partnar.

Solberg har vore usedvanleg konturlaus konfronter­t med høgrepopul­ismen. Kvar gong ho har blitt utfordra på kva ho tykkjer om diverse populistis­ke utspel frå systerpart­iet, har ho unnvikande levert ulike versjonar av «Jeg ville ikke ha brukt de ordene.» Ikkje ein gong då Listhaug heldt på å velte regjeringa, forlanga ho at ministeren skulle gå av. Til slutt valde ho sjølv å trekkje seg.

Det må sterkare lut til frå regjerings­sjefen enn «Jeg ville ha uttrykt meg på en annen måte» om ikkje høgreekstr­emismen skal bli viltveksan­de ugras på hennar vakt. For å unngå det, må ho i det minste våge å ta eit klokkeklar­t oppgjer med dei som nører opp under hatet.

Av med silkehansk­ane

Ein twitrar lurte på kvar media har fått tak i silkehansk­ane dei bruker i møte med Siv Jensen og Erna Solberg. Han kunne tenke seg eit slikt par, han òg. Det er absolutt på tide at også media blir hardare i klypene, kryssar klinge med makta og stiller dei til ansvar for den negative utviklinga vi no ser.

Hat er som rust. Det blir ikkje borte om ein malar fasadar.

 ??  ??
 ??  ??

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway