Stavanger Aftenblad

Vår Far i himmelen

- Ellen Nordtun

Fadervår er ei bøn som betyr mykje for mange. Den er ikkje på meir enn 65 små ord. Men desse orda rommar faktisk heile livet vårt.

Dei viktigaste orda i bøna er kanskje dei først. Vår Far i himmelen. Vi ber til den allmektige Far. På eit vis slepp vi taket. Vi innser at vi treng noko utanfor oss sjølve til å forankra livet i. Denne tiltalen «Vår Far», rommar heile den relasjonen som gjer bøna sterk. Vi ber til han som elskar oss meir enn nokon, Vår Far.

Det er eit stort spenn i Fadervår. Frå dei store linjene med visjonar med ein himmel over liva våre, kor vi ber om at Guds vilje må råda, til det jordnaere om livet vårt i kvardagen. Det er ei bøn om at Gud også må gje oss det vi treng for å leva.

Eg set pris på den påminninga eg får i bøna til å vera takknemleg for alt som er gitt meg, og å vera audmjuk og be om tilgjeving.

Vi treng ikkje dei dyraste kleda, den raskaste bilen eller det flottast huset. Det vi eigentleg treng for å leva godt er at Gud fyller dei daglege behova våre, det som vi i bøna uttrykkjer med «vårt daglege brød».

Eg synes det er flott at vi kan be Gud om slike daglege behov. Gud er også ein jordnaer Gud.

Å få kvila i bøn enten det er Fadervår eller andre bøner – er å våga å sleppa taket. Det handlar om å gje seg over til Gud, Vår Far i himmelen. Han er på vår side. Han høyrer deg når du ber, både når bøna er prega av takk og tilbeding, men også når du leitar og bankar på.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway