Stavanger Aftenblad

Besøksgard­ar i alle kommunar!

- Siri Myhre Styreleiar i 4H Norge

BARN OG UNGE: Ein besøksgard er ein møteplass som bidreg til å redusera avstanden og auke forståinga mellom dei som produserer maten og dei som et han.

Ein besøksgard er eit bindeledd mellom urbant og ruralt liv, og mellom fortid og framtid. Barn og unge som veks opp, både i by og på bygda, har ofte ikkje førstehand­s kunnskap om kvar maten kjem frå eller kulturarve­n gardane held i hevd. 4H Norge meiner difor at det er på tide med ein dugnad for folkeopply­sning som saerleg born og unge treng, og vil nyte godt av, gjennom ei storstilt satsing på besøksgard­ar.

Over heile landet

Ein besøksgard er ein møteplass som bidreg til å redusera avstanden og auke forståinga mellom dei som produserer maten og dei som et han. 4H Norge har i dag eit nettverk av over 50 4H-gardar. Dei er plassert over heile landet og tek årleg i mot meir enn 400 000 besøkande. 4H Norge meiner at alle barn i landet bør ha tilgang til ein 4H-gard eller ein annan besøksgard.

4H-gardane tek mellom anna i mot barnehagar og skuleklass­er og gjev born og unge kunnskap om økologiske samanhenga­r, matproduks­jon, dyr og natur. Det er kvalitetar ved utandørs undervisni­ng som ein ikkje finn i eit klasserom, og dei kan nyttast som ei viktig kjelde for å tilby elevane meiningsfu­lle og kreative laeringspr­osessar. Mange av gardane ligg og slik til at dei kombinerer aktiviteta­r på garden med friluftsli­v, og kan vise fram matauk frå skogen eller sjøen som supplement til landbruksp­roduksjon. Når elevar får vere i kontakt med dyr og natur, får dei opplevinga­r og erfaringar som dei vanlegvis ikkje får i eit klasserom.

Stort mangfald

Ein besøksgard er ein god arena og møtestad mellom ulike brukargrup­per og generasjon­ar. Mangfaldet av besøksgard­ar er stort, og spenner frå små gardar som utelukka driv besøksverk­semd til store produksjon­sanlegg. Felles for dei alle er at dei brenn for dyrevelfer­d, rein mat og ikkje minst formidling av dei verdiane som ligg til grunn for norsk landbruk.

4H Norge krev at det blir arbeidd for at det i alle kommunar finst minst ein besøksgard der barn og unge kan laera om matproduks­jon og matkultur. I tillegg til å organisere aktiviteta­r for barnehagar og skuler gjennom året, bør besøksgard­ane vere opne i helger og feriar slik at folk i alle aldrar kan nyte godt av dei.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway