Stavanger Aftenblad

Elsk fiendane dykkar

- Ellen Nordtun

«Elsk fiendane dykkar, velsign dei som forbannar dykk, gjer vel mot dei som hatar dykk, og be for dei som mishandlar dykk og forfølgjer dykk» (Matt 5,44) Å elska fiendane er ein av dei radikale bodskapane i kristendom­men. Det er sjølvsagt viktig at vi skal elska dei som elskar oss, men ikkje vanskeleg. Det å vera snill mot dei som fortener godheita vår, er heller ikkje vanskeleg. Når Jesus seier at vi skal elska fiendane våre, snur Han alt på hovudet.

Å gjengjelda vondt med godt og elska fienden – er ikkje ei oppmoding til sjølvutsle­tting. Det er ei oppmoding til å bryta den vonde sirkelen. Det er ikkje enkelt å vita korleis det skal gjerast. Ein stad må fiendskape­n, det vonde og hatet stansa. Men ikkje ved å gløyma, unnskylda eller la den som har gjort urett, gå fri.

Martin Luther King har skrive «Hat kan ikkje driva ut hat, det kan berre kjaerleike­n».

Det må begynna med kjaerleike­n. Vi må saman arbeida for at lyset skal vinna over mørket, ved å vera gode medvandrar, sjå einskildme­nneske, skapa gode møteplassa­r og å ta håpet og kjaerleike­n med oss ut i kvardagen.

Og Jesus har vist oss kjaerleike­n gjennom måten han var overfor menneska når han vandra rundt på jorda.

Elsk fienden med Herrens hjelp. Gå til Han om du mislykkast. Det handlar om både å innsjå maktesløys­a vår ved å vera menneske, men også høve vi får til å starta på nytt. Jesus har vist oss kva retning vi bør gå.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway