Stavanger Aftenblad

Takk for innsatsen

-

LEIAR: Frivillig arbeid vev liva våre saman. Verdien av det kan best målast i tillit.

Vi er på verdstoppe­n i frivillig innsats, ifølgje Rogalands Avis 11. juli. Årleg bidreg 61 prosent av oss - folk i

Norge over 16 år - med frivillig innsats for festivalar og organisasj­onar. Og vi gjer det meir nå enn for 20 år sidan.

Det er kiosksal og parkerings­vakter for fotballcup­en og pølsesal for korpset, det er instruktør­ar for skiskule og turlag, det er smilande servicejob­bing frå hundrevis på Ranglerock og Gladmat og Tall Ships Races. Snart er det Kammermusi­kkfestival og Kapittel og oppstart for alle idrettslag og korps, mens frivillige frå Røde Kors og Norsk Folkehjelp ennå skal trø til og hjelpa folk ned frå fjell og hei når forma, veret eller skotøyet er for dårleg.

Det finst ikkje den festivalsj­ef og knapt den statsminis­ter eller 17. mai-talar som ikkje priser den norske dugnadsånd­a og takkar alle frivillige i alle festtalar. Det ligg heilt sikkert eit oppriktig alvor bak kvar einaste takk, men dugnad og frivillig innsats blir likevel ord dei taletrengd­e blant oss slit ned til klisjear.

Klisjear har det med å vera sanne. Verdiskapi­nga i frivillig sektor meiner ein låg rundt 125,5 milliardar kroner i 2014. Men viktigare enn pengeverdi­en er det at dugnaden og den frivillige arbeidsinn­satsen går som ein sterk vev på kryss og tvers gjennom samfunnet vårt. Anten det nå er felles innsats for felles interesse, som i festivaljo­bbinga, om det er laerdommen i korleis ein får svaere arrangemen­t opp og stå, eller om det er dei kvardagsle­ge fellesaren­aene ein i idrettslag og korps skapar gjennom vaffelsal og opprydding og planting og gjensidig utveksling av sekkar med dorullar året gjennom.

Og om dugnaden også er frykta, om mange kjenner at det alltid er dei same som dreg lasset, om ein irriterer seg over dei som alltid må ta kontrollen, er alt dette likevel viktig for å sikra at vi ikkje blir framande for kvarandre, at vi ikkje mister av syne gleda over kva felles innsats kan få til - som alltid er større enn bare summen av kvar enkelts nedlagde timar.

Alt dette tettar på sitt kvardagsle­ge vis igjen ein del av skilja mellom folk. Du kan selja pølser saman med muraren, tannlegen, heimesjuke­pleiaren eller sjefen til naboen. Den felles oppgåva gjer det sosiale enkelt og overkomele­g. Og i det store bildet dannar det ein vev av tillit.

 ?? JAN INGE HAGA ?? I helga blei flotte Tall Ships Races avslutta med fyrverkeri over Stavanger.
JAN INGE HAGA I helga blei flotte Tall Ships Races avslutta med fyrverkeri over Stavanger.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway