Stavanger Aftenblad

Gud er lys

- Ellen Nordtun

Det er inga god kjensle å vera ute ei mørk natt, og ikkje finna vegen. Mørket har senka seg over alle kjenneteik­na i naturen som ein naturleg peilar etter om dagen. Uroa kan fort melda seg. Klarar ein då å skimta eit lys i det fjerne, kan det redda situasjone­n slik at ein finn vegen dit ein skal.

Lysmetafor­en blir mykje brukt i Bibelen. I dagens bibelord frå 1. Johannes brev 1,5-2,2 kan vi lesa. «Gud er lys; i han finst det ikkje mørker. Seier vi at vi har fellesskap med han, men vandrar i mørkret, då lyg vi og følgjer ikkje sanninga. Men dersom vi vandrar i lyset, liksom han er i lyset, då har vi fellesskap med kvarandre, og blodet frå Jesus, hans Son, reinsar oss for all synd.»

Gud er lys, berre lys. Vi menneske, derimot, har våre mørke sider. Det er mykje vi helst vil halda skjult, og nødig vil at skal koma for dagen. Men kjem vi til Gud med det vi skammar oss over, blir det mørke oppslukt av lyset.

Kristus som er lyset i verda, viser vegen til ein kjaerleg Gud. Dette lyset gir liva våre eit formål og håp, og bryt døden sine lenkjer.

Gud sendte Jesus til jorda for å syna oss det sanne Guds lys. Han kom med fred og laerte oss korleis Gud vil at vi skal leva. Lever vi etter livsens lys veit ein at nestekjaer­leiken er like viktig som det å elska Gud. Jesus viste oss at kvar og ein av oss er unike, og at vi represente­rer ein umisseleg verdi. Vondskap, urettferdi­gheit, forakt for livet og utbytting vert avslørte i Guds lys.

Vi har lyset. Det sanne lyset, livsens lys; det lyset som sjølv døden måtte gje tapt for.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway