Stavanger Aftenblad

Sjefen ventar 70.000 tilskodara­r under Blinkfesti­valen

- Birgitte Flote birgitte.flote@ aftenblade­t.no Fredrik Refvem fredrik.refvem@ aftenblade­t.no

BLINK I SANDNES: Det er venta rekordmang­e under årets Blinkfesti­val. Den uvanlege varmen har gitt nye utfordring­ar under rigginga.

– Vi har talt mellom 60.000 og 70.000 menneske i mange år, men vêret gjer at det er venta enda fleire i år, seier arenaansva­rlig Roger Årdal.

Etter ei rekordvarm helg, kjem mandag og tysdag med store mengder nedbør, men så er det igjen venta høg temperatur og steikande sol.

Me møter Årdal fredag, ein av desse dagane då sola steikar på asfalten og folk søker tilflukt i skyggen.

– Vi har litt HMS-utfordring­ar i år på grunn av varmen som vi ikkje er heilt vande med. Vi har hamstra salttablet­tar og solkrem. Det er ikkje nok berre å be folk drikke vatn når det er så varmt som no, seier han.

Starta rigginga i god tid

–Det blir lange dagar i denne varmen, seier Sandra Frost som er hyra inn for å rigge gjennom Axelar, selskapet som står bak festivalen. Ho har jobba under festivalen fire år på rad.

Årdal er leiar for eit riggeteam på rundt 30 personar som allereie to og ei halv veker før festivalst­art begynte å gjere klart. Vegane inn til Ruten stengte ei veke før.

Byen har gradvis endra seg. Enkelte stadar er det lagt asfalt, tribunene er snart klare, og gjerder er satt opp gjennom heile sentrum.

Publikum er på plass Skifestiva­len varer frå onsdag til laurdag. Allereie fredag veka i forvegen har ekteparet AnneLise og Bjørn Austerå kapra båtplass i Vågen. Ein må vere tidleg ute.

–Vi har eit barnebarn som stiller i år. Vi får som regel alltid med oss Blinken, det passar så godt fordi vi gjerne kjem heim frå ferie veka før.

I Sandnes sentrum er det rigga VIP-tribunepla­ssar til 3000 personar i eit område på 1000 kvadratmet­er. Årdal trur mange vil få med seg løpa, både frå tribune og ståande langs løypa.

Onsdag blir Blink-langløpet arrangert for første gong, eit løp der både eliteløpar­ar og mosjonista­r kan delta i forskjelle­ge klasser. Torsdag er dagen for Lysebotn Opp og fredag og laurdag inntar eliteløpa gjennom Sandnes sentrum.

–Johaug er tilbake i løypa. Det er det nok mange som ønsker å få med seg, seier Årdal.

Festivalen har tidlegare vore ei veke tidlegare, men med Gladmaten og Tall Ship Races i Stavanger valde arrangøran­e å flytte litt på det.

Folkefest

Med underhaldn­ing, konsertar, gratisbrun­sj og opplegg for barna, har den gjennom åra utvikla seg til å bli langt meir enn ski. Her er nokre av folkefeste­ns høgdepunkt: y For heile familien: Folkefest på Ålgård, onsdag klokka 16– 23 med aktiviteta­r for barn, underhaldn­ing på scena og grillkveld. Barnas By med rulleski og skiskytara­ktivitetar på Ruten, både fredag og laurdag frå 12–21. y Gratiskons­ertar: CC Cowboys på Ålgård, onsdag klokka 21.15. Vamp i Sandnes, fredag frå klokka 20.30. Afterski-parti/Odd Nordstoga i Sandnes, laurdag klokka 21.30. y Gratis brunsj: Laurdag klokka 11–12 i Sandnes, med musikk frå Bønni Band. I fjor blei det delt ut 10.000 porsjonar mat blir kvart år delt ut her.

 ??  ?? Arenasjef Roger Årdal trur det gode veret gjer at enda fleire enn vanleg tar turen til Blink-arrangemen­ta denne veka.
Arenasjef Roger Årdal trur det gode veret gjer at enda fleire enn vanleg tar turen til Blink-arrangemen­ta denne veka.
 ??  ??

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway