Stavanger Aftenblad

Har Frp ingen grenser for bensinpris­en?

- Geir Pollestad stortingsr­ep., Sp

AVGIFTER: Det verkar ikkje som om regjeringa av H, Frp og V har nokon grense for kor høg pumpepris på drivstoff dei kan godta.

Norge er eit land der me treng bilen. Landet er langt og mange stader er det ikkje noko alternativ til bilen. Drivstoffp­risane i Norge er no rekordhøge. Det er det to grunnar til: Oljeprisen er stigande og avgiftsniv­ået er auka kraftig medan Siv Jensen frå Frp har vore finansmini­ster.

Auke

Hausten 2017 auka regjeringa bensinavgi­ftene med 19 øre og dieselpris­en med 44 øre. Statsminis­ter Erna Solberg skrytte av at H og Frp hadde auka avgiftene meir på eit år enn den raud-grønne regjeringa gjorde på 8 år.

Sjølvsagt skal me gjera ein innsats for å redusera utsleppa av klimagassa­r. Det er likevel naivt å tru at 50 øre eller 1 krone per liter bensin eller diesel er det som avgjer kor mykje me brukar bilen. Senterpart­iet foreslo difor i sitt alternativ til revidert statsbudsj­ett å reversera den kraftige auken i avgifta som Frp i regjering gjorde framlegg om, og som stortingsg­ruppa til Frp stemte for i Stortinget.

Ingen grenser?

Det verkar ikkje som om regjeringa av H, Frp og V har nokon grense for kor høg pumpepris på drivstoff dei kan godta. I tillegg har me aldri betalt meir i bompengar enn no. Sjølv om Frp no køyrer regjerings­bil med privatsjåf­ør så er det synd at dei har gløymd at saers mange i Norge ikkje kan ta trikken til jobben.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway