Stavanger Aftenblad

Til beste for den andre

- Ellen Nordtun

«Alt har eg lov til, men ikkje alt tener til det gode. Alt har eg lov til, men ikkje alt byggjer opp» skriv Paulus til kyrkjelyde­n i Korint i dagens bibelord (1. Kor 10, 23-29).

Målet til Paulus er å rettleia kyrkjelyde­n. Og han innleier med å halda fram behovet for å ta omsyn til andre. Ingen må søkja sitt eige beste, men det som er best for den andre, løftar han fram.

Så understrek­ar Paulus også spesielt vidare: « For jorda og det som fyller henne, høyrer Herren til.»

I kyrkjelyde­n i Korint, var det ulik oppfatning­ar om kva som var rett og galt. Det Paulus gjer er å flytta fokuset bort i frå ein sjølv til den andre. Ingen må søkja sitt eige beste, men det som er best for den andre.

Han ønskjer å flytta fokuset frå meg og mitt, til den andre. For å plassere alle inn i ein større samanheng, i ein samanheng med Gud. Vår livssamanh­eng er at vi fyller jorda, og høyrer saman med alt levande, og høyrer Gud til. Derfor er vår vandring på jorda ei vandring i Guds verd. Og alt og alle som omgir oss, har noko å fortelja oss om Gud.

Vi kan på den måten, der Gud lagar ein himmel over liva våre, kasta lys inn i kvarandre sitt mørke. Vi kan dela gåver. Vi kan dela byrder. Vi kan dela tru, håp og kjaerleik. Vi kan byggja opp. Vi kan gagna kvarandre.

Paulus sin klare beskjed til korintaran­e om å ikkje søkja sitt eige beste, men det som er til beste for nesten sin, er også gode ord til oss i dag.

Ta denne bodskapen med deg inn i denne dagen.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway