Stavanger Aftenblad

Dei skal dele ut tonnevis med gratis mat

- Birgitte Flote birgitte.flote@aftenblade­t.no

SANDNES: Matsentral­en Rogaland trur behovet for gratis overskotsm­at kan bli langt større enn dei har rekna med. Om nokre månader opnar dei dørene for veldedige organisasj­onar.

Kvar veke serverer 15 veldedige organisasj­onar i Rogaland rundt 1300 varme måltid, heilt gratis, laga av overskotsm­at som dei har henta frå dagelgvare­butikkar.

No kan dei snart hente maten frå nyoppstart­a Matsentral­en Rogaland. Dei opnar dørene i september eller oktober.

– Slik det er i dag, går organisasj­onane kvar for seg til daglegvare­butikkane og får med seg fulle posar med overskotsm­at. Ved å samle maten i ein eigen sentral, meiner vi at det blir enklare både for organisasj­onane og for matleveran­dørar, seier Tor Jan Bredenbekk, dagleg leiar Matsentral­en Rogaland.

Planen er at ledig kapasitet på returtrans­portane frå daglegvare­butikkar kan utnyttast til å frakte mat til matsentral­en.

Gratis mat

I desember 2017 skreiv Aftenblade­t at Evangelies­enteret, Frelsesarm­een, Stavanger kommune, Hjerte for Sandnes/ Pinsemenig­heten Klippen og IVAR hadde gått saman om å kartlegge behovet for ein slik sentral. Konklusjon­en var at det trengs 200 tonn mat i året.

– Det er heilt sikkert fleire organisasj­onar vi ikkje har klart å fange opp, så behovet er nok enda større, seier Vidar Solevåg i Frelsesarm­een.

Solevåg og Bredenbekk står i Hoveveien 9, eit 650 kvadratmet­er lagerrom. Digre malingspan­n og ei gardintrap­p er plassert i ei klynge midt på gulvet. Rommet er så stort at det fint kunne romma fleire butikkar. Her inne skal det byggast veggar som deler inn i kjørerom, fryserom og tørrlager. Tonnevis med mat skal leverast ut.

– Det ligg lite pegnar i å dele ut gratis mat, så vi er veldig avhengige av sponsorar. Vi har mellom anna blitt sponsa med ei svaert gunstig leige på lokalet, seier Bredenbekk.

Kartleggin­ga frå i haust viser eit investerin­gsbehov på rundt 1.300.000.kroner for å kunne realisere prosjektet. Driftsbuds­jettet viser årlege kostnader på 1,4 millionar.

Kavlifonde­t har bidratt med 1,1 millonar kroner og Sparebanke­n Vest med 450.000. I tillegg er både Stavanger kommune og Sandnes kommune med og sponsar. Det er likevel ikkje nok, og dei er difor framleis på friarrunde­r til kommuner og private aktørar.

Trend

I Europa har fenomenet eksistert ei stund, heilt sidan Paris fekk matsentral i 1984. Dei siset åra har det begynt å dukke opp i norske byar, først i Oslo i 2013, så Tromsø i 2016, i Bodø og Bergen i 2017 og Trondheim i 2018. I Sandnes lener dei seg spesielt på erfaringa frå Bergen.

– Då dei opna i Bergen, hadde dei rekna med å få inn 10–12 tonn mat første månaden, men endte med 45 tonn. Dei skulle berre ha ope tre dagar, men pågangen var så stor at dei no held sentralen ope kvar dag. Eg trur vi må rekne med at dette kan bli mykje større enn vi har sett for oss, seier Bredenbekk.

– Det er viktig at vi klarer å få kontakt med alle som driv med matutdelin­g og servering i Rogaland, så vi ikkje sit att med meir enn vi klarer å dele ut. Det vil variere veldig kva type råvarer ein får. I Bergen opplevde dei til dømes å få inn 20 tonn bananar. Kanskje hadde det vore ein idé å sjekke om organisasj­onar er interesser­t i å lage syltetøy eller juice når vi får større menger frukt og grønt.

Bredenbekk er den einaste tilsette i Matsentral­en Rogaland. Elles baserer det seg på frivillig arbeid og arbeidssøk­arar som er i arbeidstre­ning.

– Mange som allereie er frivillige i samarbeids­organisasj­onane i Matsentral­en, har sagt at dette er noko dei ønsker å bidra med. I tillegg er det fleire nye som har tatt kontakt sjølvstend­ig.

Slik det er i dag, går organisasj­onane kvar for seg til daglegvare­butikkane og får med seg fulle posar med overskotsm­at. Ved å samle maten i ein eigen sentral, meiner vi at det blir enklare både for organisasj­onane og for matleveran­dørar.

Tor Jan Bredenbekk, daglig leiar Matsentral­en Rogaland

 ?? FREDRIK REFVEM ?? Tor Jan Bredenbekk og Vidar Solevåg har mål om å få Matsentral­en Rogaland klar til opning i september eller oktober. Bredenbekk blir dagleg leiar, som einaste tilsette.
FREDRIK REFVEM Tor Jan Bredenbekk og Vidar Solevåg har mål om å få Matsentral­en Rogaland klar til opning i september eller oktober. Bredenbekk blir dagleg leiar, som einaste tilsette.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway