Stavanger Aftenblad

– Bygda blir aldri den same igjen

- Fotograf hanne.marie.lent.solbo@ aftenblade­t.no

VARHAUG: Tysdag ettermidda­g fjerna politiet sperringan­e rundt staden 13 år gamle Sunniva Ødegård blei funne død natt til måndag. Bygda er tydeleg prega av hendinga.

Blomar, gravlykter og bamsar var lagt ned langs grus-stien som går mellom jernbanen og eit nabolag, godt synleg frå bilvegen like ved.

Utover ettermidda­gen kom fleire og fleire til funnstaden for å minnast Sunniva Ødegård (13).

Bilar senka farten for å kikke innover stien medan dei køyrde forbi. Nokon la ned blomar ved funnstedet. Nokon heldt rundt kvarandre. Nokon blei verande ved funnstedet ei stund, andre snudde før dei nådde fram til staden, tydeleg prega.

Dei som prata, kviskra.

Bygda blei stille Søndagskve­ld var Sunniva på veg heim frå eit besøk hjå ein kompis. Då ho ikkje kom heim til avtalt tid, begynte foreldra og etterkvart politi å leite etter ho. Nått til måndag blei ho funnen. Politiets hovudtese er at ho blei drepen, og ein 17 år gammal gut, også frå Varhaug, er varetektsf­engsla.

Varhaug er tydeleg prega av hendinga. Tysdag morgon var nesten ingen ute, fortel ein innbyggjar til Aftenblade­t.

Vanlegvis pleier folk å vere ute. Barn leiker på leikeplass­ane, bilar køyrer på vegene og det er liv i den vesle bygda på Jaeren. Men litt over eit døgn sidan Sunniva blei funnen, er bygda stille.

– Vi kjem aldri til å gløyme Othelia Gudmestad Aniksdal og Johanna Skrettingl­and gjekk i klasse med Sunniva Ødegård på barneskule­n. Tysdag ettermidda­g besøkte dei staden ho blei funne.

– Varhaug kjem aldri til å bli det same igjen. Tida vil jo laekje nokre sår, men vi kjem aldri til å gløyme dette, seier Gudmestad Aniksdal.

 ?? Hanne Marie Lenth Solbø ??
Hanne Marie Lenth Solbø
 ??  ??

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway