Stavanger Aftenblad

Slik reiser du til Blink i Sandnes

- Birgitte Flote birgitte.flote@aftenblade­t.no

SANDNES: Fredag og laurdag går Blinkfesti­valen føre seg i Sandnes sentrum. Her er det du treng å vite om parkering, buss og stengte vegar.

Totalt er det venta over 70.000 besøkande under Blinkfesti­valen. Fredag og laurdag skjer det meste i Sandnes sentrum.

Bussruter

Blinkfesti­valen set ikkje opp felles transport til arrangemen­ta i Sandnes. Kolumbus opplyser at ein må vente seg forseinkin­gar som følge av arrangemen­tet. Under heile festivalen og fram til 8. august opererer dei med to busstasjon­ar:

Desse rutene nyttar framleis Ruten, men køyrer via St. Olavsgate og Langgata eller Oalsgata: 21, 26, 29 og 47.

Enkelte bussar har bytta spor: 21, 22, 62 og N94 er flytta til spor 14. Rute 52 er flytta til spor 15. Spor 1, 2 og 3 er stengt.

Desse er flytta til krysset mellom Jernbaneve­ien/St. Olavs gate: Rute 6, 42, X60 og N84.

Stengte vegar:

Vågsgata er stengt til 9. august.

Elvegata og Havnegata er stengt til 8. august, og opnar igjen klokka 8 denne dagen.

Delar av Julie Eges gate er stengt til 8. august.

Parkering Parkerings­plassen på Ruten er stengt. Arrangøran­e anbefaler å nytte seg av parkerings­plassane ved Maxi og COOP Extra og parkerings­husa på Bystasjone­n og Amfi (sjå kart).

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway