Stavanger Aftenblad

– Heia, heia storesøste­r! Og alle andre frå Bjerkreim!

- Birgitte Flote birgitte.flote@aftenblade­t.no

SANDNES: Blinkfesti­valen er blodslit og idrettsstj­erner. Men det er også lillesøste­r på tribunen, livets første løp den skuffande sjetteplas­sen.

I Sandnes sentrum startar juniorlaga klokka 07.00 fredag. Forskjelle­ge aldersgrup­per held fram til 15.30.

I pøsregn står familiene samla under paraplyar, med heimelaga plakatar og norskeflag­g, og vinkar til ungdommane sine.

Første gong

Edvard Aanestad (12) frå Røa IL har reist frå Oslo for å delta i Blinkfesti­valen.

Det er første gong han deltar, ville vere med i fjor, men rakk ikkje påmeldinga. No står han skjult bak ei søppelbøtt­e saman med mor Gjertrud og far KnutMagnar og psykar seg opp. Får på hjelm, briller og stavar. – Eg er spent. No er det berre 14 minutt igjen, seier han.

Edvard stiller seg opp saman med 13–14-årsklassa, blir sendt inn i eit stort telt, set foten på ein benk, får festa på elektronis­k tidtakar, går vidare til neste stasjon, får ski på beina. Så er det å vente i spenning i nokre minutt. Plutselig står han ute på asfalten. Starskotet går. Far bryt ut i jubel over den gode starten, så kjem nokre minutt i spenning. Edvard kjem på sjetteplas­s. Dei fem raskaste er med vidare. Dermed er han akkurat ikkje med, men får velfortent fistbump av mor og far etterpå.

– Heia Bjerkreim!

Midt mellom mor Heidi Steinnes og far Trygve Steinnes, står vesle Sara Steinnes. Hovudet rekk så vidt over kanten på tribuna. Ho heier på storesøste­r. Og resten av Bjerkreim IL.

– Vi er her heile dagen, både i dag og i morgon. I dag er det største søstera som går og i morgon mellomste søster, seier mor Heidi.

– Men vi heiar jo eigentleg på heile Bjerkreim IL.

Arrangøran­e ventar over 70.000 gjestar. Dette vart sagt på eit tidspunkt då det knapt såg ut til at godvêret hadde nokon ende, så kanskje blir det nokre tusen mindre, men stort er det likevel. Nesten 500 frivillege jobbar dag etter dag. Ein heil by er fullstendi­g omrokkert, løypene snor seg over store delar av regionen. Familien frå Røa er imponert over festivalen.

– Vi var i Lysebotn i går, og blei heilt satt ut over all logistikke­n bak dette. Eit fantastisk arrangemen­t, seier Gjertrud Aanestad.

Nesten 500 frivillege jobbar dag etter dag. Ein heil by er fullstendi­g omrokkert, løypene snor seg over store delar av regionen.

 ?? JAN INGE HAGA ?? Klasse jenter 11-12 år. Eline Gigstad-Bergene (Skrautvål IL), til venstre, og Maria Steinnes (Bjerkreim IL) har en hard kamp rundt svingen.
JAN INGE HAGA Klasse jenter 11-12 år. Eline Gigstad-Bergene (Skrautvål IL), til venstre, og Maria Steinnes (Bjerkreim IL) har en hard kamp rundt svingen.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway