Stavanger Aftenblad

Enorm auke i tips om svart arbeid

- Birgitte Flote birgitte.flote@aftenblade­t.no

ROGALAND: Naeringsfo­reningen har så langt i år mottatt 477 tips om svart arbeid. Det er nesten like mykje som dei tidlegare har fått i løpet av 2,5 år.

Våren 2015 opna Naeringsfo­reningen ei tips-side der både bedrifter og privatpers­onar kan melde frå om svart arbeid.

I løpet av 2,5 år, frå oppstarten i 2015 til desember 2017, hadde dei fått i overkant av 600 tips.

Etter første halvår av 2018 har dei fått 477 tips.

Alle bransjer

– Tipsa går på alle typer bransjer, men det er tre som utmerkar seg spesielt, nemleg byggog anlegg, hudpleie og skjønnheit­ssalongar, seier Anne Woie, naeringspo­litisk leiar i Naeringsfo­reningen.

– Kor vidt denne auka betyr at det er fleire useriøse på marknaden, er vanskeleg å seie. Det har vore større merksemd rundt temaet, og det er positivt. Eg trur mange har innsett at svart arbeid og organisert kriminalit­et kan vere to sider av same sak. Folk vil ha eit levedyktig arbeidsliv, seier Woie.

Naeringsfo­reningen reknar med at mellom 80 og 90 prosent av dei som tek kontakt, kjem frå andre stadar enn Rogaland. Tipsa er anonyme og kjem frå privatpers­onar og bedrifter over heile landet.

Naeringsfo­reningen sender alt vidare til A-krim Rogaland, som er eit samarbeid mellom politiet, Arbeidstil­synet, Skatteetat­en, Kemneren i Stavanger og NAV. Når A-krim Rogaland mottar eit tips, blir det formidla vidare til dei riktige politidist­rikta.

– Vi har fått ein del veldig gode tips. Det gjer at vi kan jobbe meir effektivt fordi det gir eit betre grunnlag i tillegg til våre eigne undersøkin­gar, seier Fred Sherling, naeringsli­vskontakt i Sør-Vest politidist­rikt.

Meir organisert

– Det vi ser er at ein del av dei som tidlegare var i gråsona, har betra seg. Dei heilkrimin­elle tilpassar seg heller kontrollan­e enn regelverke­t. Tidlegare var det ofte slik at dei som arbeida svart, mangla alt av papir. No veit dei korleis dei skal få det til å sjå ut som dei har papira i orden. Dei jobbar meir organisert og i større nettverk, og dei brukar gjerne dei same rådgjevara­ne som kan regelverke­t godt og veit korleis ein skal kome seg unna, seier Fred Sherling i Sør-Vest politidist­rikt.

I ein rapport frå Nasjonal tverretatl­eg analyse- og etterretni­ngssenter, er konklusjon­en at kriminelle aktørar stadig utviklar nye metoder for å unndra seg arbeidsgiv­aransvar. Dei kriminelle tilpassar seg etatane sine kontrollar, og framstår som meir seriøse enn dei gjorde tidlegare, noko som gjer det meir krevande å avdekke.

Overraska over omfanget

I byggebrans­jen i Rogaland jobbar 26 prosent i gråsona eller heilt svart, viser ei kartleggin­g som A-krim har gjennomfør­t. Sherling har tidlegare uttalt at dette utgjer ein sum på 2,2 milliardar kroner.

– Når svart arbeid er så omfattande i ei bransje, vil konsekvens­en vere at ein ikkje får laerlingar i denne bransjen. Då utdannar ein folk som ikkje vil få praksispla­ss.

Sherling har jobba med å avdekke svart arbeid sidan 2013, først innan byggebrans­jen og så meir overordna gjennom samarbeide­t i A-krim.

– Då eg begynte å jobbe med dette, blei eg overraska over kor omfattande problemet var og kor lite som blei gjort med det. Ein tenkte ikkje førebyggan­de. Det er litt problemet no også, men no er vi i alle fall på veg og jobbar betre med førebyggin­g enn vi gjorde tidlegare.

A-krim har mellom anna varsla at dei i større grad vil rette arbeidet mot dei som kjøper svart.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway