Stavanger Aftenblad

Statped prøver ut eit lågterskel­tilbod

- Gerd Ingunn Opdal Regiondire­ktør, Statped vest

LAERING: Nytt skule- og barnehageå­r er eit godt tidspunkt for laget rundt barnet til å ha søkelys på tidleg innsats heilt frå starten av.

Statped vest har eit lågterskel­tilbod der kommunar og fylkeskomm­unar kan få rask tilgang til kompetanse som bidreg til auka laering hjå barnet.

Har barn og ungdom behov for tilrettele­ggjing i laeringssi­tuasjonen, er det viktig å kome i gang raskt. Statped arbeider for at prinsippa førebyggja­nde arbeid og tidleg innsats er inkludert i opplaering­sløpet. Vi prøver ut eit lågterskel­tilbod, som skal gje riktig hjelp når behovet er der.

Lågterskel­tilbodet: y Fagleg drøfting i anonyme saker. y Sakene er anonyme, Statped veit ikkje

kva barn eller ungdom det gjeld. y Tilbodet har pedagogisk/spesialped­agogisk fokus og legg vekt på mogelege tiltak, tilrettele­ggjing og inkluderin­g. Pedagogisk psykologis­k teneste (PPT) og Statped kan avtale eit møte kort tid etter førespurna­d.

I praksis bidreg tilbodet til at ambisjonan­e om tidleg innsats blir verkeleg for fleire.

Teknologis­ke løysingar, som til dømes videomøte, gjer at vi når ut til samarbeids­partane raskare.

Satsing frå regjeringa

I Statped ser vi fram til at regjeringa skal leggje fram ei stortingsm­elding om tidleg innsats og inkluderan­de fellesskap i barnehage og skule hausten 2019. Meldinga er eit resultat av arbeidet til eit regjerings­oppnemnt ekspertutv­al. Det har konkludert med at det er for mange barn og unge i opplaering som ikkje får riktig hjelp når dei treng det.

I mellomtida kan både barn, unge og tilsette glede seg til barnehage- og skulestart i august. Med Statped vest sitt lågterskel­tilbod vil vi leggje til rette for samarbeid og eit godt og inkluderan­de laeringsmi­ljø for alle.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway