Stavanger Aftenblad

Kva skal ein velja?

- Solveig G. Sandelson solveig.sandelson@aftenblade­t.no

KOMMENTAR: Ennå finst der gode ting som er ved det same. For eksempel Kammermusi­kkfestival­en.

Når sommaren ikkje kan anna enn vera på hell, når dei sist heimkomne naboane parkerer feriebilen i garasjen, når skulestart og haust og blanke ark og fargestift­ar bare er dagar vekke, er kammermusi­kkfestival­en her. Kvart år. Alltid, kjennes det som. Eller i alle fall sidan 1991.

Mest eksotisk

Domkyrkja er hjarteromm­et, avstikkara­ne lagt til Skur 2 og Utstein Kloster, og barnekonse­rtane til Sandnes kulturhus og Stavanger konserthus. Programmet har slett ingen rød tråd, men er prega av musikarane som er med. Mest eksotisk er New York Polyphony. I polyfon musikk er kvar stemme sjølvstend­ig, dei går i linjer, treffer på dei andre, fell kanskje til ro ein stad, men blir aldri forviste til bare å gjera ei anna stemmes klang større og varmare, og elles innordna seg fint i meir eller mindre fargerike akkordar. Mozart dreiv ikkje med slikt. Bach gjorde det stadig vekk. Når New York Polyphony står på programmet, er musikken anten veldig gammal - tilbake til middelalde­ren, eller heilt ny. Fredag kveld på Utstein kloster fyller dei ein heil og heilt sikkert stemningsf­ull konsert. For heilt andre klangar, sjå etter pianisten Håkon Austbø i programmet. Han har brukt store delar av sitt kunstnarli­v på Olivier Messiaens musikk. Den er frå 1900-talet, klangane er overjordis­k vakre, om enn ikkje så kjende. Skriven av ein mann som var svaert religiøs, svaert glad i naturen, og elles gjekk sine eigne vegar.

Sjefen sjølv

Og elles? Elles ville eg sett etter sjefen sjølv, pianisten Christian Ihle Hadland. Han spelar alltid mykje, og han er alltid blant dei aller fremste artistane. Leiken, nysgjerrig, lyttande, alltid med elegant overskot. Men aldri jålete. (For det finst jålete klassiske musikarar, og det er kjedelege greier.) Christian spelar Griegs lyriske stykke ein dag på Skur 2 - teknisk så enkle at ein del av oss har spelt dei sjølv ein gong. Til Våren, for eksempel, er blant dei. Saman med andre musikarar spelar han Mozarts kvintett med blåsarar, han spelar tyngre og endå varmare og meir romantisk musikk av Jean Sibelius, han er innom klangvakre, svaert franske Debussy, og han avsluttar alt med Schubert. Då handlar det om ein fisk. Ein aure. Og melodien du kan frå før, kjem i midten.

Programmet har slett ingen rød tråd, men er prega av musikarane som er med.

Alt på eitt kort

Så kva skal ein velja, om ein nå ikkje kan gå på alt? Eg hadde satsa alt på nesten bare eit kort. På ein av dei konsertane som har skore programmet reint, heilt inn til margen. Anten onsdagens seine kveldskons­ert, der New York Polyphony syng ganske ny musikk, av Andrew Smith - ei salme, ein klage til Gud. Før Messiaens Visions de l’Amen, for to piano - med Håkon Austbø og Yejin Gil. Musikalske visjonar over alt levande som seier «amen» i takk til Gud for sin eksistens. Eller eg hadde satsa på Utstein kloster fredag kveld, der same New York Polyphony tar heile konserten.

Litt av alt

Vil du gjerne ha litt av alt, av stemning, artistar og meir storslagne verk, hadde eg anten valt kveldskons­erten torsdag, med Mozart-serenade, Sjostakovi­tsj-kvartett, og Messiaens dirrande vakre strykekvar­tett til Verdens ende. Eller same stad, lørdag klokka 13, for å få med deg Christian og den store romantikke­n. Dvorak først, Mozart i midten, og Christian med fleire i Sibelius til slutt.

For om sommaren ikkje er til å kjenna igjen frå i fjor eller frå året før der, så er nok Kammermusi­kkfestival­en det. I eitt år som dette, er det i seg sjølv ein fin ting.

 ??  ??

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway