Stavanger Aftenblad

Hafrsfjord har stort potensial for turisme

- Solveig Nessa Historikar og livskunstn­ar

VIKINGSENT­ER: Kva finn dei turistane som kjem til Hafrsfjord? Ingenting, ingen tekst, ingen video, teater, leik, eller info.

Mange er interesser­t i vår nasjonale historie då Norge blei Norge og ein nasjon. Cruiseturi­stane kjem til Hafrsfjord i hopetal for å oppleva historia på nytt og for å forstå kva som skjedde og kvifor det skjedde i 872. Men kva finn dei her? Ingenting, ingen tekst, ingen video, teater, leik, eller info. Det einaste dei finn er eit vakkert, monumental­t monument over slaget; Sverd i fjell av Fritz Røed utan nokon form for informasjo­n om kvifor sverda er plassert i fjellet inne i Havfjorden som den blei kalla av Snorre.

Ikkje berre pilspissar

Busslast etter busslast av turistar går rundt sverda som er sett ned i fjellet for å laera, oppleva og forstå. Det er derfor viktig å få bygd eit nytt opplevings­senter frå vikingtida for å fortelja vår nasjonale historie om starten av samlinga av landet til eit kongerike. Dette må ikkje berre bli eit senter for pilspissar, perler og vakre vikingkost­ymer, men om noko som får oss til forstå vår lokale og nasjonale historie om bygginga av ein nasjon og ein stat.

Kong Olav stoppa alltid kortesjen på veg inn til Stavanger og stilte seg opp i Møllebukta ved Hafrsfjord og stod og såg ut over sjøen. Han må ha sett slaget i sine indre. Kampen som utspela eg mellom dei som ville samla riket og småkongane.

Turistar lurte bak buskar

For nokre få år sidan laga me eit historisk spel ved Hafrsfjord om Harald Hårfagre og starten på samlinga av landet til eit rike, «Harald Hårfagre». Erling Gjelsvik skreiv spelet og Torfinn Nag regisserte. Folk frå teateret hadde alle hovudrolla­ne og frivillige var med på alle plan. I kulissane og bak buskar og vegetasjon lurte turistane med sine kamera og lange linser for å ta del i vår historiske vandring i Norgeshist­oria.

Kor skal opplevings­senteret liggja? Skal senteret liggja ved museet i sentrum av Stavanger og vera knytt til universite­tet eller i Møllebukta? Eller begge deler? Ein besøkssent­er i Møllebukta og eit nytt universite­tsmuseum i sentrum av byen?

Det er kanskje ikkje det viktigaste spørsmålet, men eg har tidlegare skrive ein leiar i lokalavisa for Madla og Kvernevik at eg meiner at vikingsent­eret bør liggja i Møllebukta i Hafrsfjord. Lenge har eg hatt ein visjon om å sitja på ein terrasse med eit kvitvinsgl­as i handa utanfor ein fin restaurant i eit besøkssent­er i Møllebukta.

Eg vil sitja der og sjå utover Hafrsfjord i solnedgang­en og kjenna på den historiske suset frå fortida vår. Vil eg ha ein entrecote, så vil eg få det i saman med dei beste råvarene distriktet har å by på frå dei beste kokkane i distriktet.

Me må tilby meir

Hafrsfjord har eit stort potensial for meir turisme dersom vi vil satsa meir på det. Vi må tilby turistane meir enn å leggja til i indre hamn og å vandra trøystelau­st rundt i gatene. Dei må kunna kjøpa suvenirar, gå på toalettet og kjøpa seg ein betre middag.

Eit moderne opplevings­senter for kunnskap og oppleving som vi gje unge og gamle auka kunnskap om vår kollektive historie er det vi treng no.

Det er tid for å feira samlinga av landet til eit rike fordi det var i vår region at det legendaris­ke slaget stod i 872. Det er tid for oppleving og auka kunnskap om fortida.

Eg meiner at vikingsent­eret bør liggja i Møllebukta.

 ?? PÅL CHRISTENSE­N ?? – Busslast etter busslast av turistar går rundt sverda, for å laera, oppleva og forstå. Det er derfor viktig å få bygd eit nytt opplevings­senter frå vikingtida for å fortelja vår nasjonale historie om starten av samlinga av landet til eit kongerike, skriv Solveig Nessa.
PÅL CHRISTENSE­N – Busslast etter busslast av turistar går rundt sverda, for å laera, oppleva og forstå. Det er derfor viktig å få bygd eit nytt opplevings­senter frå vikingtida for å fortelja vår nasjonale historie om starten av samlinga av landet til eit kongerike, skriv Solveig Nessa.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway