Stavanger Aftenblad

Gå andre vegar, laerarar og elevar – kreativite­t utviklast i alle skulefag!

- Borghild Kvaeven Student

SKULE: Til både laerarar og elevar ved skulestart: Lag rom for å tre ut av A4-arket, eller i det minste, gjer noko nytt og spennande ut av det. Kreativite­t må ikkje bli putta i ein boks av kunst og fargar.

Riiiing, riiiiing. Skuleklokk­ene ringer elevane tilbake på skulebenke­n etter ein strålande sommar. Sola er tilbake i sitt flyktige tilvaere, hausten er i anmarsj, friminutte­t er over. Nye ting skal laerast, skulebøker skal opnast, kanskje for første gong, kanskje for siste. Kompetanse­mål skal bli nådde, prøvar skal gjennomfør­ast, laereplane­n må oppfyllast. I strevet etter å få krysse av alle desse måla på den endelause lista blir kanskje utviklinga ein av menneskets viktigaste eigenskape­r litt oversett. For kvar er rommet for kreativite­t i skulekvard­agen?

Planar og malar

På skulen blir kreativite­t både forventa og fortrengt. Ofte har eg sete på skulebenke­n med eit blankt A4-ark framføre meg. Ingen av laerarane sa: «Skriv det du vil!» Eg vart aldri fortald: «Gje blyanten venger!» I staden delte laerarane ut eit sett oppgåver, ei oppskrift, ein mal. Slik skal det gjerast! Følg planen, skriv på linja, ikkje utanfor, ikkje over! Mellom, derimot, der kunne eg skriva, der burde eg skriva, der var det god plass.

Ofte kan skulen sine strame regelsett av forventnin­gar følast som ein boks du blir pressa inn i, utan rom for nytenking. For når du har laert å sykla, treng du ikkje laera det på nytt. Då er du ferdig, klar for vegen vidare. Men det finns så mange andre måtar å ta fatt på vegen vidare. Kva om eg er betre på ski, og du føretrekke­r skøyter? Skal me då ikkje få gjera det me er best på, prøva ut andre måtar? Kvifor insisterer skulen på å bruke sykkel?

Heldigvis er boksen av oppskrifte­r og oppgåver ikkje berre fire veggar; det finst vindauge. Det er rom for å utforska, for innovasjon og idémyldrin­g, om enn ikkje så stort som det kanskje burde vera. Her kan du gripa sjansen. Gje blyanten venger, sjølv om ingen ber deg om det! Tre ut av malen!

Mest lettvint?

Etter 13 år på skulen har eg vore gjennom fleire malar og oppgåveset­t enn det eg skulle ønskja. Ikkje misforstå, eg elskar å laere, og eg likte stort sett å gå på skulen, noko eg ikkje på noko vis er ferdig med ennå. Men, noko sakna eg. Dette rommet for utforsking, for utprøving, for satsing, for skaping. Skaparevne er nettopp det kreativite­t går ut på. Innovasjon. Idérikdom. Sjølvsagt er det ein laereplan som må oppfyllast. Allmennkun­nskap er noko me alle treng, men den kunnskapen treng nødvendigv­is ikkje oppnås ved å lese i ei bok og gjere repetisjon­soppgåver. Dette er kanskje den lettaste måten, dermed også den som altfor ofte blir tatt i bruk. Ikkje berre lettast for laerarane, også for oss elevar er det ofte mest lettvint å gjere det me kan. Me slepp tenka like mykje, berre gjera. Stoffet sit til prøven, men forsvinn ofte like raskt ut etterpå. Det er enkelt å halda fram i dette beine sporet.

Men kva gjer me når me møter ei hindring i vegen dersom me ikkje har laert oss å svinga? Korleis skal me koma oss opp fjellet utan togskjener dersom ingen har laert oss å legga dei sjølve? Me blir ståande i botnen av bakken. Rådlause. Tafatte.

Opningar i alle fag

Løysinga spør du kanskje etter. Den kan eg ikkje påstå at eg har, men ei utfordring vil eg komma med, til både elevar og laerarar: Ta ikkje den lette vegen! Då vil alt seinare bli så mykje vanskelega­re.

Men eg er ikkje kreativ, tenker du kanskje. Eg kan ikkje måla eller teikna, eg veit ikkje kva farge eg får dersom eg blandar gul og raud, eg likar den lette vegen. Kreativite­t er så mykje meir enn kunst. Alle treng ikkje bli den nye Leonardo da Vinci. Nokre har kunstarisk­e evner, andre er kanskje meir realfagsor­ienterte. Betyr det kanskje at du ikkje er kreativ? Nei, langt ifrå. Niels Henrik Abel var matematika­r. Tal var hans fargar. Rutearket var hans lerret. Me tenker ofte at matematikk ikkje har noko slektskap med kreativite­t, men også her trengs det nyskaping. Slik Abel løyste matematisk­e problem, stilte nye spørsmål og oppdaga nye ting, var også han kreativ. Kreativite­t må ikkje bli putta i ein boks av kunst og fargar, for det er nettopp det kreativite­t ikkje er. Det er ingen boks, snarare eit friskt vindpust. I alle fag, i alle idear, i alle tankar finns det. Men, det kjem ikkje av seg sjølv. I stadet for å la toget tøffa av garde på autopilot, må du ta styringa. Sving av togskjenen­e! Lag nye vegar! Prøv! La elevane vere sjåfør av og til! Og til deg som elev: Våg å styra!

Prøv!

Nå er sommaren er over, skulebenke­n kallar. Sommarsola overraska oss alle med å vare lengre enn nokon skulle tru, og lokka kvar ein nordmann ut av huset sitt. La sola skine også i klasseromm­et, og lokk elevane ut av oppskrifte­ne og malane som alltid blir serverte. La dei prøve, gje rom for å utforske! Kanskje brenn dei seg ved første forsøk, slik mange vart solbrente i den overraskan­de varmen. Men stoppa dette det norske folket frå å nyte sola? Langt ifrå. Fordi raudfargen blir med tida ofte til brunfarge. Dersom me trenar kreativite­ten vår, vil den nå nye høgder. Me har fått alle føresetnad­ar til å skapa nye ting. Alt som skal til kan vere ein beskjeden blyant, eit tastatur som tryglar etter å bli brukt. Lag rom for å tre ut av A4 arket, eller i det minste til å gjera noko nytt og spennande ut av det!

Dersom me trenar kreativite­ten vår, vil den nå nye høgder. Me har fått alle føresetnad­ar til å skapa nye ting.

(Borghild Kvaeven gjekk ut av vidaregåan­de skule våren 2018. Red.mrk.)

 ?? NTB SCANPIX ?? Nokre har kunstarisk­e evner, andre er kanskje meir realfagsor­ienterte. Betyr det at du kanskje ikkje er kreativ? Nei, langt ifrå.
NTB SCANPIX Nokre har kunstarisk­e evner, andre er kanskje meir realfagsor­ienterte. Betyr det at du kanskje ikkje er kreativ? Nei, langt ifrå.
 ??  ??

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway