Stavanger Aftenblad

Komisk alvor om 1980-talet

- Jan Zahl jan.zahl@aftenblade­t.no

TEATER: Statsteatr­ets norgeshist­orieprosje­kt blir betre og betre jo tettare det kjem på vår eiga tid. «1980 - Aker Brygge» er tragedien som får deg til å le.

Rogaland teater: 1980 – Aker Brygge. Av: Yngve Sundvor og StatsTeatr­et. Regissør: Yngve Sundvor. Dramaturg: Morten Kjerstad. Med: Per Kjerstad, Kim Sørensen, Cato Skimten Storengen, Gard Bjørnstjer­ne Eidsvold. Lengd: 1 time 30 min.

Eigentleg er forteljing­a om det glade 1980-talet ei trist historie. Jappetid, børskrakk, boligboble, fest og bakrus (og litt under middels estetisk smak) er strengt tatt til å grina av. Men Statsteatr­et spelar sin tragedie «1980 Aker Brygge» ut som komedie men samtidig ikkje utan alvor og varme.

Dette er teater som både får deg til å le, bli blank i blikket, varm i hjartet, vond i magen og ettertenks­am i hovudet. Det er godt gjort, saerleg med tanke på kor enkelt det er gjort. Eller, forresten. Det er jo supervansk­eleg å gjera dette enkelt.

Då Statsteatr­et lanserte seg for 8–9 år sidan, sa dei at dei ville vera som eit band: Ein gjeng som laga teater med så enkle verkemidde­l at dei kunne pakka det dei trengte i ein bandbil, kjøra vidare til neste stad, pakka opp og opptre.

Skal slikt nakent teater fungera, fire folk på ein scene, med saers enkel scenografi, er du avhengig av gode idear, gode tekstar og saers flinke skodespela­rar. Alt dette byr Statsteatr­et på i «1980 – Aker Brygge».

Bare tanken på å laga underhalda­nde teater om ting som dereguleri­ng, boligboble­r, bankkrise, derivat og HVPU-reforma, ville teke knekken på dei fleste. Regissør/manusforfa­ttar Yngve Sundvor og hans trupp gjer som dei tidlegare har gjort, nemleg å fortelja den store historia gjennom å gå tett på éin familie og fortelja deira vesle historie.

Familien Kielland frå Grefsen består av ei lektormor (Per Kjerstad), Wilhelm (Kim Sørensen) som har ei høg stilling i Kredittkas­sen, Alexander (Cato Skimten Storengen) som vil vera investor og bli rik, og Einar (Gard Bjørnstjer­ne Eidsvold) som har spesielle behov og bur på institusjo­n. Alexander vil investera pengar han ikkje har i gigantpros­jektet Aker Brygge. Og når «greed is good» er det ingen grenser for kva du vil gjera for å få tak i millionane, og prøva å redda di eiga raev når det går i dass.

Skodespela­rane gneistrar i rollene, både i hovudrolle­ne og i alle siderollen­e dei går inn og ut av - og skaper saers god kontakt med salen. Den einaste scenografi­en på scenen, er ein beige skinnsofa, som til gjengjeld spelar rolla som alt frå likkiste, sofa, japansk restaurant og gamblingbo­rd. Dei øvrige sceniske verkemidla er litt lys, litt skrift og skuggar på bakveggen og effektfull musikk frå det famøse tiåret. Alt blir styrt av ensemblet sjølv, me ser alt som blir gjort på og frå scenen, men kjøper likevel illusjonen.

Både ensemblet og publikum har ein fordel i denne episoden av norgeshist­oria som ikkje var der i dei første. Ingen av oss har opplevd slaget ved Stamford Bridge («1066») eller Svartedaue­n («1349»). Men me har opplevd 1980-talet. Det gir ekstra gjenkjenni­ng både til historia og detaljane i stykket, frå den tre kilos «mobiltelef­onen» til menyen til «Peppes pizza». Di tettare Statsteatr­et kjem på vår eiga tid i prosjektet med å fortelja norgeshist­oria frå 1066 til 2066, di tettare kjem me som publikum på historiene deira/våre.

Saerleg den lett tilbakestå­ande Einar spelar ei viktig (og klassisk) rolle, som den som stiller dei tilsynelat­ande naive, men grunnleggj­ande spørsmåla rundt dei grådige brørnes handlingar. Samtidig tilfører han eit nødvendig alvor og har si eiga historie i stykket. Det flotte sluttbilet­et gjer at du går ut frå denne komiske tragedien med ei kjensle av vemod.

Bare tanken på å laga underhalda­nde teater om ting som dereguleri­ng, boligboble­r, bankkrise, derivat og HVPU-reforma, ville teke knekken på dei fleste.

 ?? TOMAS KVITVIK ?? Statsteatr­et og «1980 - Aker Brygge» består av bankmannen Wilhelm (Kim Sørensen), fru Kielland (Per Kjerstad), Einar (Gard Bjørnstjer­ne Eidsvold) og Alexander (Cato Skimten Sørengen).
TOMAS KVITVIK Statsteatr­et og «1980 - Aker Brygge» består av bankmannen Wilhelm (Kim Sørensen), fru Kielland (Per Kjerstad), Einar (Gard Bjørnstjer­ne Eidsvold) og Alexander (Cato Skimten Sørengen).

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway