Stavanger Aftenblad

Frukosten

-

DRØSET: Det var fullt i frukostsal­en. Kor skulle han sitja?

Han hadde hatt betre morgonar. Kvelden og natta hadde vore lang og rik. Han hadde snakka så mykje og romslig at han høyrdest ut som eit grustak då han vakna grytidleg og prøvde å kremta. Han hadde ikkje sove sidan.

Han måtte få seg frukost. Han gjekk for egg og bacon. Fylte opp tallerkene­n med restitusjo­n, myste ut i frukostsal­en, glippa med augo, som var fulle av sand. Ingen ledige bord.

Han begynte å gå gjennom rommet, tallerken i den eine handa, skvulpande glas i den andre, som om han skulle ut og presentera noko. Ved alle borda sat det folk. Turistar frå inn- og utland. Einslege menn han tenkte måtte vera forretning­sfolk. Han kunne ikkje pressa seg inn på eit to- eller firemannsb­ord, kunne han vel?

I enden av lokalet var to store bord slått saman til langbord. Det var plass til åtte. Ein einsleg kar sat i den eine enden. To stolar bortanfor sat ein ny, einsleg mann. Hjørnet på skrå overfor mannen var ledig. Han tok sats, prøvde å gli ned på stolen og plassera maten på ein umerkeleg måte, møtte ikkje blikk med den framande mannen på skrå overfor seg, begynte å eta. Tenkte at dette hadde jo løyst seg fint. At hippe restaurant­ar i utlandet er laga slik; at framande sit på langbord med kvarandre og et. Sjølv om ein ikkje driv med slikt i Norge.

Etter to minutt kom kona til den framande. Han merka blikket hennar før ho sette seg ned ved sida av han. Han prøvde å eta litt lenger utpå kanten då ekteparet begynte å samtala om sine kvardagsle­ge ting. Han prøvde å ikkje høyra etter. Dei snakka trøndersk

Etter tre minutt kom dottera med full tallerken. Ho såg litt forvirra på foreldra, som nå sat saman med denne framande mannen ved frukostbor­det. Dei såg tilbake. Peika på den einaste ledige stolen, rett over bordet for han som hadde hatt betre morgonar. Ho sette seg, nølande. Han visste ikkje kor han skulle festa blikket.

Han skulle aldri eta frukost igjen.

Han tok sats, prøvde å gli ned på stolen.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway