Stavanger Aftenblad

Utfører tilsyn på ulykkesfer­ja i dag

-

FORSAND: Sjøfartsti­lsynet skal undersøke historikke­n til 40 år gamle MF «Eid» og kva planar Fjord1 har for vidare oppfølging.

Utover tilsynet i dag er det ikkje bestemt kven som skal granske ulykka vidare. Det kan hende Statens havarikomm­isjon for transport vel å gå inn i saka, og då er det dei som vil gjennomfør­e vidare undersøkin­gar. I går jobba havarikomm­isjonen med å samle inn informasjo­n om ulykka.

– Vi har ikkje tatt stilling til om vi vil gjere vidare undersøkin­gar, men ventar å vite dette i løpet av mandag, seier Dag Sverre Liseth, avdelingsd­irektør for sjøfart.

– Sjølova skil mellom ulykker som skal undersøkas­t, til dømes ved omkomne, og ulykker som vi kan velje å undersøke. Så langt kan vi ikkje sjå at dette er ei sak som pliktar oss å undersøke. Då kjem det an på kor stort laereutbyt­e det vil vere i ei slik undersøkin­g, og kva som blir gjort av andre etatar.

Også Nordsjø-/miljøseksj­onen i politiet er varsla, ifølgje NRK. I går ettermidda­g var det planen å slepe ferja til havna ved GMC Maritime på Buøy i Stavanger. Mannskapet skal få oppfølging dei naermaste dagane.

Det var maskinhava­ri som førte til røykutvikl­inga på ferja, opplyser Fjord1, men brannårsak­en er foreløpig uklar. Fleire av passasjera­ne som Aftenblade­t har snakka med, seier dei høyrde ein eksplosjon.

– Eit spørsmål er om det er snakk om brann eller røykutvikl­ing. Det veit vi først etter gransking, seier Liseth.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway