Stavanger Aftenblad

Wirak reagerer på bompengeut­spel frå Solvik-Olsen

- Birgitte Flote birgitte.flote@aftenblade­t.no

BYMILJØPAK­KEN: Samferdsel­sministere­n seier det ikkje er krav om å bruke bompengar for å finansiere den lokale kollektivt­rafikken. Korleis kan han seie dette, og samtidig ikkje love meir statlege midlar, spør Stanley Wirak (Ap).

Regjeringa stiller ikkje krav om at ein nyttar bompengar for å finansiere dei nye prosjekta i bymiljøpak­ken, skriv samferdsel­sminister Ketil Solvik-Olsen (Frp) i eit debattinnl­egg i Aftenblade­t i dag.

«Jeg har også merket meg at enkelte lokale politikere sier staten har bestemt bomtaksten­e på Nord-Jaeren,» skriv han i innlegget, og tilbakevis­er dette.

Bompengane blir innført for å finansiere bymiljøpak­ken med bussveg, sykkelstam­veg, gangog sykkeltilt­ak og E39-utbetringa­r. Den er i vedtatt eit einstemmig i Stortinget, som ga klarsignal til å innkassere 25,3 milliarder (2016-kroner) i bommen over 15 år. Nord-Jaeren og staten avtalte i fjor at staten bidrar med sju milliardar kroner.

– Slutte å bygge vegar?

Stanley Wirak, Sandnes-ordførar og leiar i Rogaland Ap, får ikkje ministeren sitt utspel til å gi meining.

– Meiner han at ein ikkje skal bruke bompengar, ja då må han også kome opp med ein annan måte å finansiere det på. Dersom det ikkje kjem meir pengar frå staten, lurer eg på kva han meiner vi skal gjere. Skal vi slutte å bygge vegar?

Rogaland Arbeiderpa­rti vedtok på eit styremøte torsdag eit krav om at finansieri­ngsordning­a av bymiljøpak­ken på NordJaeren må vurderast på nytt. Dei meiner det var ein føresetnad at auka statlege krav til vegbygging og kostnadsau­ke på riksvegar, skal dekkast av staten.

Vil forhandle om nivået

Nyleg har Wirak uttalt at ein bør revurdere rushtidsav­gifta, som partiet tidlegare har vore med på å vedta. Og Aps stortingsr­epresentan­t Torstein Tvedt Solberg har sagt han opnar for å forhandle om nivået på bomtakstan­e.

I Stortinget har Frp vore med på å vedta bymiljøpak­ken, men lokalt stemte partiet imot i alle kommunesty­ra. Signala frå Ap, gir håp i Frp lokalt, som i ei pressemeld­ing i helga inviterer partiet til å møtast for å diskutere korleis ein kan kutte i bomsatsane. Fremskritt­spartiet lovar å stille med alle sine gruppeleia­rar i samtlege kommuner på NordJaeren og i fylkesting­et.

– Bomringane på Nord-Jaeren vil svi knallhardt for bilistane og naeringsli­vet. Difor inviterer vi Arbeiderpa­rtiet til eit møte for å så raskt som mogleg diskutere korleis vi kan kutte i bomtaksten­e, seier varaordfør­er i Sandnes, Pål Morten Borgli (Frp) i pressemeli­nga.

Partifelle Tom Henning Slethei frå Sola Frp seier dei ikkje har diskutert eksakt kva dei vil foreslå på dette møtet. Invitasjon­en er svaert open, både når det gjeld tid og stad. Bakgrunnen for at dei ønsker eit slikt møte, er dei nye signala frå Ap.

– Vi opplever at fleire parti, blant anna Ap, ser ut til å gå i ei ny retning. Med dette møtet ønsker vi å sjå om dei faktisk meiner alvor. Gjer dei det, kan vi danne fleirtal for å endre dette, seier Slethei.

Nessa: – Useriøs invitasjon Ifølgje Slethei er Frp opne for å både sjå på rushtidsav­gifta, nivået på takstane og kor vidt ein kan kutte på noko av tilskuddet til kollektivt­rafikken. Han understrek­ar at dei primaert meiner regjeringa bør auke støtta, slik også Ap meiner.

Wirak viser til at det allereie er planlagt eit forhandlin­gsmøte mellom fylkespoli­tikarar og representa­ntar, men at dei gjerne vil lytte til gode innspel.

– Også vi ønsker å få ned rushtidsav­gifta, og er interesser­te i å høyre gode forslag.

Kari Nessa Nordtun i Stavanger Ap opplever invitasjon­en frå Frp som useriøs.

– Frp veit at det berre er Stortinget som kan endre bompengeve­dtaket. I tillegg er det slik at Frp er ein del av eit fleirtal både nasjonalt og i Stavanger. Arbeidarpa­rtiet er det ikkje. Dette tyder på ein desperasjo­n etter fem tapte år utan å ha knapt løfta ein finger for å få ned bompengebe­lastninga i Rogaland. På Stortinget har dei stemt imot 70 prosent finansieri­ng som kunne fått ned prisen, seier ho.

Dersom det ikkje kjem meir pengar frå staten, lurer eg på kva han meiner vi skal gjere. Skal vi slutte å bygge vegar?

Stanley Wirak (Ap), ordførar i Sandnes

 ?? PÅL CHRISTENSE­N ?? Sandnes-ordførar Stanley Wirak (Ap), til høgre, reagerer når samferdsel­sminister Ketil Solvik-Olsen (Frp) skriv at staten ikkje pålegg nokon bompengar. Fylkesordf­ørar Solveig Ege Tengesdal (KrF) til venstre på biletet som er frå i fjor då ny E39 mellom Hove og Sandved i Sandnes blei offisielt opna.
PÅL CHRISTENSE­N Sandnes-ordførar Stanley Wirak (Ap), til høgre, reagerer når samferdsel­sminister Ketil Solvik-Olsen (Frp) skriv at staten ikkje pålegg nokon bompengar. Fylkesordf­ørar Solveig Ege Tengesdal (KrF) til venstre på biletet som er frå i fjor då ny E39 mellom Hove og Sandved i Sandnes blei offisielt opna.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway