Stavanger Aftenblad

Look to Finnmark!

- Per Gunnar Stensvaag Vara til Stortinget, Sp

POLITIKK: I sin berømte Look to Norway-tale under krigen hylla president Roosevelt landet vårt for viljen til å kjempa for fridom og demokrati. Han hadde kan hende ikkje sett Noreg like mykje som førebilete i dag med sentralmak­ta sine åtak på det lokale sjølvstyre?

På same vis som vi forventar at regjering og Storting hegnar om Grunnlova, burde ein kommunalmi­nister fylgja intensjona­ne i Formannska­pslovene. Er det ikkje då ein skandale at dei to som har hatt stillinga dei siste fem åra, ser ut til å måla eigen dugleik i talet på avvikla regionalog lokaldemok­ratiske einingar? Dei vi i vår tid bør hylla, er difor dei som klarast reagerer mot denne paradoksal­e åtferda og nektar å godta overgrepa mot lokaldemok­ratiet. Framfor å argumenter­a for å setja Finnmark under statleg administra­sjon, slik Aftenblade­t gjorde på leiarplass 16. august, er det heller all grunn til å seia Look to Finnmark!

Skammeleg sakshandsa­ming

Fleire og fleire har oppdaga kor uryddige og mangelfull­e prosessane har vore i forkant av samanslåin­gsvedtaka for fylka våre. Diverre har kommuneref­orma vore minst like gale, mellom anna dokumenter­t av forfattar Are Eivind Braenne i boka «Nye Kristiansa­nd - unnfanget ved voldtekt». Der vert dei ansvarlege kledd kliss naken i ei skremmande soge om korleis den lokale folkevilje­n vart fullstendi­g overkøyrd og Stortinget ført bak ljoset. Vedtaka om tvangssama­nslåing på Sørlandet vart beviseleg fatta etter skammeleg sakshandsa­ming og gale opplysning­ar.

Fylkesting­et i Troms vedtok 10. august at heller ikkje dei vil delta i samanslåin­gsprosesse­n utan Finnmark med på laget. Kall det gjerne sivil ulydnad frå dei to gjenstridi­ge fylka! Hermed oppmodast fleire, både i fylke og kommunar, til å kjempa like modig som finnmarkin­gane mot å verta offer for eit saerdeles uverdig spel! Ein skal leita lenge etter verre politisk hestehande­l enn den dei sokalla «Tvangsguta­ne» gjorde seg skuldig i på eit bakrom i Stortinget. Gjennomfør­ingane etterpå er ikkje stort betre. Speleregla­r er både brotne og endra undervegs. Juridiske røyster roper også varsko om at Stortinget kan ha brote sine eigne lover. Både her og der bør ein altså stå på bremsane når styresmakt­ene ikkje sjølv gjer det.

Grundige motprov

Med Monica Maeland i spissen pressar dei på for å gjennomfør­a det knapt nokon eigentleg vil. Uansett reform verkar dei immune mot kritikk, og strategien ser ut til å vera å ignorera avsløringa­r som til dømes i Braenne si bok. Kommunalmi­nisteren sitt nylege utspel om at samanslåin­gar er naudsynt for å få naeringsut­vikling i alle delar av landet, er saers lett å imøtegå. NORUT-rapporten tinga av hennar eige departemen­t for tre år sidan konkludert­e nemleg med det stikk motsette. DIFI-undersøkin­gane om kor nøgd folk er med offentlege tenester, gjev dei heller ikkje medhald, for å seie det mildt, for deira evige strev etter faerre og større einingar. Som politiske kvakksalva­re held dei fram med same visa jamvel etter grundig motprov gong på gong frå opposisjon, einskildpe­rsonar så vel som tunge fagmiljø.

På toppen tronar Erna som ei uangripele­g dronning som vrir seg unna kritikk av regjeringa sin politikk og åtferd til statsrådar. Ansvarsfrå­skriving er også Monica Maelands metode. Ho peikar støtt til at Stortinget har vedteke samanslåin­gane, som om gjennomfør­inga er ei sur plikt ho er pålagt. Har ho verkeleg ikkje høve til å gå til Løvebakken og visa til kor ekstremt upopulaere og vonlause desse grepa er? Ho kan umogleg ha unngått å registrera stemninga anten det er i Finnmark, Ofoten eller på Sørlandet, og det er nok å få med eige parti så er det fleirtal for reverserin­g.

Ikkje ein rettsstad verdig

Skal vi ha det slik her i landet at politiske ideologiar vert pressa gjennom med juks, fanteri og utan legitimite­t i folket, korkje hjå dei som er direkte råka og elles? Som Sandra Borch så treffande sa det: «Maeland gjør Troms og Finnmark til ei slagmark», men Roosevelt sine ord og oppmoding gjev von: «Om det er nokon som tvilar på demokratie­t sin vilje til å vinna, så seier eg enno ein gong – Look to Norway!». Her heime anten det er i Forsand, på Sørlandet, i Ofoten eller andre stader utsett for prosessar ikkje ein rettsstat verdig, bør ordlyden no vera «Look to Finnmark!»

 ?? NTB SCANPIX ?? – Med Monica Maeland, bilde, i spissen pressar styresmakt­ene på for å gjennomfør­a det knapt nokon eigentleg vil. Uansett reform verkar dei immune mot kritikk, skriver Per Gunnar Stensvaag.
NTB SCANPIX – Med Monica Maeland, bilde, i spissen pressar styresmakt­ene på for å gjennomfør­a det knapt nokon eigentleg vil. Uansett reform verkar dei immune mot kritikk, skriver Per Gunnar Stensvaag.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway