Stavanger Aftenblad

Han avslørte datasvikt i Sandnes og Stavanger

- Birgitte Flote birgitte.flote@aftenblade­t.no

DATASVIKT: I fleire månader var personoppl­ysningar om alle som har eigedom i Stavanger og Sandnes, moglege å hente ut. – Hårreisand­e, seier varslar.

– Eg er svaert uroa for kommunal IT-tryggleik. Det vi finn er hårreisand­e, seier Hallvard Nygård, IT-utviklar i Stavanger.

Saman med Roy Solberg, også han utviklar, undersøker han system og appar som han bruker. Dette gjer dei som privatpers­onar med mål om at personoppl­ysningar skal bli betre verna.

Kan sjå purringa du fekk

I både Stavanger kommune og Sandnes kommune fann dei at informasjo­n om alle som eig eigedom, var tilgjengel­eg for alle. Her var det mogleg å finne informasjo­n om personnumm­er og opplysning­ar knytta til faktura, til dømes kor vidt du har fått purring.

– Vi fann register med blant anna personnumm­er, namn, epost og fakturadat­a. Reglane rundt personnumm­er er strenge, du får det ikkje berre utlevert. Om feil folk finn eit slikt register, kan dette brukast til identitets­tjuveri. Og saman med informasjo­n frå andre register eller sosiale medium, kan dette brukast til svindel, seier han.

– Aller helst ville eg bedt dei slette meg frå registeret, men det er dessverre ikkje mogleg. Informasjo­nen blir lagt inn i databasen uansett, seier Nygård.

Søppeltømm­ing

I tillegg til Sandnes og Stavanger, fann han svakheit i tryggleike­n for 12 kommuner og interkommu­nale selskap rundt om i landet.

– Svikten var knytt til ein app for søppeltømm­ing, der vi har samla inn data for når avfall skal hentast. Vi har brannmur, men der var altså ei opning som vi ikkje visste om. Feilen er retta, seier Svein Klungtveit, rådgjevar i Stavanger kommune.

Selskapet som leverer programvar­e til både Sandnes kommune og Stavanger kommune, stadfestar at det var teknisk mogleg å hente ut personoppl­ysningar frå tenesta. Leverandør­en blei varsla 15. april, og 20. april fekk Stavanger kommune melding om dette. Tidsrommet for avvik er av leverandør­en oppgitt å vere frå starten av januar.

– Mesteparte­n av informasjo­nen ein kunne finne der, som namn og adresser, ligg opent ute allereie, men så viser det seg at det også var mogleg å hente ut informasjo­n om personnumm­er. Nygård har vore inne og leita, og klarte med sin kunneskap å finne dette.

Jan Erik Gjerseth, avdelingsl­eiar ved miljø og renovasjon i Sandnes kommune, seier saka blir følgd opp internt.

– Det ser ut til å ha vore eit kort vindauge før holet i brannmuren blei tetta, men det er likevel ei viktig påminning om at vi må følgje godt med.

–Vi har fått stadfesta at ingen andre har vore inne og henta ut informasjo­n, men må vurdere korleis vi skal unngå at slikt skjer igjen. Vi jobbar med ein ny app, og då blir dette spesielt viktig. Kor alvorleg denne saka var, treng vi litt hjelp med å vurdere skikkeleg. Vi har ein gjennomgan­g på dette no, seier han.

Leverandør­en har meldt avviket til Datatilsyn­et, og understrek­ar der at ingen lekkasjer skjedde. Dei påpeikar at det trengs teknisk kompetanse for å finne informasjo­nen. Datatilsyn­et svarer at dei har valt å avslutte saka fordi tiltak har blitt satt inn og avvika er retta.

Går inn bakdøra

Argumentet om at det ikkje er kven som helst som kan finne dette, ettersom det krev teknisk kompetanse, svarer Nygård slik på:

– Ein kan sjå det slik: Vi går rundt bygget og inn den opne døra på baksida, medan folk flest berre går forbi huset. Det betyr ikkje at ein ikkje skal sikre det.

Han meiner enkle grep kan sikre slike brot på IT-tryggleike­n.

– Det er ikkje vanskeleg å sikre denne informasjo­nen, til dømes ved å legge det bak ein brannmur. Vi fann at Stavanger og Sandnes fekk strykk i tryggleiks­testen, enkelte snubla i mål, medan Gjesdal er einaste i distriktet eg var nøgd med, seier han.

I tillegg til Sandnes og Stavanger, fann han svakheit i tryggleike­n for 12 kommuner og interkommu­nale selskap rundt om i landet.

 ?? ANDERS MINGE ?? IT-utviklar Hallvard Nygård har gjort det til sin personlege kamp å avdekke svikt i appar og tenester han brukar. I kommunane Stavanger og Sandnes var sensitiv informasjo­n ubeskytta.
ANDERS MINGE IT-utviklar Hallvard Nygård har gjort det til sin personlege kamp å avdekke svikt i appar og tenester han brukar. I kommunane Stavanger og Sandnes var sensitiv informasjo­n ubeskytta.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway