Stavanger Aftenblad

Gudmund Aukland er død

-

Det er med sorg og savn at han far Gudmund Aukland sovna stilt inn 25. juni, i ein alder av 83 år.

Gudmund blei født på Ombo i Hjelmeland kommune. Der voks han opp saman med sine foreldre Laura og Otto Aukland og sin søster Gerd Bjerga.

Gudmund var så heldig å møte kvinnen i sitt liv. Han måtte bare ro over fjorden til Randøy, og der traff han ei vakker kvinne som heiter Kjellaug.

Ja, som han far sa «Hu va så fine og flinke te å dansa.» Gudmund blei gift med Kjellaug i 1966. Dei fekk 52 år i lag. Dei fekk seks barn: Kari, Otto, Linda, Oddvar, Kurt og Gina. Far var stolt av ungane og barnebarna sine. Men eg trur nok han følte et savn; fordi han fekk for liten tid med ungane. Jobben krevde så altfor «møje» tid.

Me har mange gode minner frå barndommen. Me var på båttur til Hidleholma­ne, biltur til Kristiansa­nd. Om sommaren laerte me å kjøre traktor på Auklandsga­rden, og på den tida var det ikkje snakk om HMS.

Me opplevde at far brydde seg om oss – saerleg dei siste åra då han hadde bedre tid. Han grov og spurte korleis det gjekk med oss. Far var bestemt, men samtidig omsorgsful­l, og saman med mor ga dei oss gode råd – som har vaert fine å ha med seg opp gjennom livet.

Far meinte utdanning var viktig for å koma seg fram i livet. Det var imponerand­e at han som privatist klarte å fullføra utdanninga som bygningsin­geniør - før han etablerte firma Aukland Maskin og Ryfylke maskin med opptil 40 tilsette. Han hadde oppdrag over det ganske land.

I sine yngre år arbeida far som kvalfangar i Sydisen. Gudmund var nysgjerrig på livet. Eg veit iallfall ikkje om nokon frå Ombo som på den tida drog på Safari i Nordøst-Afrika. Der opplevde han dyrelivet i Afrika som dei andre berre opplevde i bøkene.

På 90-tallet begynte far å kjøpe opp eiendommer, da han blant anna bygde ut et hyttefelt på Ombo.

Far likte også godt å lese bøker. Og med sin kolossale historiein­teresse er det kanskje ikkje så rart at han bygde opp et gardsmuseu­m på Ombo.

Gudmund var også ein engasjert og god talsmann for bygda.

Far var stolt av at han hadde fått utretta «møje» i livet sitt . Mor og far har blant anna vaert i fleire statar i Amerika, Russland og Spania. Far var aktiv til det siste, og han hadde eigentleg planer om å bli 107 år.

Stå på viljen viste han heilt til det siste. I staden for å stivna i ein stol – var det full aktivitet. Dagen han ble sendt på sjukehuset - hadde han planer om å male terrassen, og eigentleg hadde han ikkje tid til å dra på sjukehuset. Eg huska ett av favorittut­trykka: «Dette har me ikkje ti te». Og så for han ut i gravemaski­nen, heilt til det sista.

Så nå fortjene han å kvila. Kanskje drive han og kjøre gravemaski­n ein annan plass.

På vegne av familien: Kari Aukland, datter av Gudmund Aukland

 ??  ??

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway