Vil strame inn bruken av droner ved Kjerag
FORSAND: Verneområdestyret for Setesdal Vesthei Ryfylkeheiane og Frafjordheiane (SVR) går inn for å strame inn bruken av droner ved Kjerag.
Kjerag ligg i Frafjordheiane landskapsvernområde. Det mektige fjellet lokkar tusenvis av turistar, basehopparar, folk som balanserer på line og andre utøvarar av ekstremsport. Verneområdeforvaltar Alf Odden går inn for å setje opp nokre grensesteinar.
Forslaget fekk tilslutning av Verneområdestyret for Setesdal Vesthei Ryfylkeheiane og blir sendt ut på høyring denne veka.
Det vil ikkje bli gitt dispensasjonar til helikoptertransport til filming og medieføremål eller bruk av droner utanom fire dagar i juni og fem dagar i september. Dispensasjon til bruk av drone til filming blir berre gitt til føretak som driv kommersielt med filming, og som kan dokumentere røynsle og har naudsynt sertifikat på plass.
Klare vilkår
Eventuelle dispensasjonar til mellombels installasjonar i samband med ulike ekstremsportaktivitetar, filminnspelingar m.v. avgrensast til tidsrommet 15.-30. juni. Ved eventuelle dispensasjonar til bruk av boreboltar, skal det stillast vilkår om at desse fjernast etter bruk. Om det vil bli gitt slike dispensasjonar vil bygge på ei konkret vurdering av storleik, plassering, tal på boreboltar og faren for forstyrring av andre besøkande. Slike installasjonar skal lokaliserast i ei sone på vestsida av kløfta borte frå Nesatind og Kjeragbolten.
Droner irriterera
– Forslaget går ut på at droner blir sidestilt med helikopter, og vi prøver å konsentrere desse til ein periode i juni og ein i september. Vi hadde ei brukerundersøking i fjor sommar og ein god del av dei besøkande refererte til støy frå droner som eit problem. Når det er samla mykje folk, er droner eit irritasjonsmoment. I tillegg er det eit sikkerheitsproblem når folk er naer stupkantar, seier Alf Odden.
Alt tydar på at både talet på besøkande fotturistar og ekstremsportgrupper vil auke i åra framover. Det store talet brukarar og brukargrupper gjer den einskildtes naturoppleving sårbar for forstyrring frå andre brukarar og aktivitetar.
For høge besøkstal?
SVR plasserte teljarar langs stien til Kjerag i fjor. Teljeapparatene viste 50.505 besøkande i perioden 14. juni-16. oktober, altså ikkje heile sesongen. For siste halvdel av mai og første halvdel av juni manglar tal, men basert på tala frå juni var det maksimalt 10.000 og minimum 3000 desse dagane. Snøen kom tidleg i fjor og Lysevegen blei vinterstengt 1. november, så det var neppe over 500 ekstra dei siste dagane i oktober, anslår Odden. Totalt 54.000–61.000 besøkande.
Dette er betydeleg lågare enn tala til Lysefjorden Utvikling, som opplyste 70.000 besøkande, eit tal kalkulert ut frå parkeringsinntekter frå Kjerag parkering.
– Vi hadde eit telleapparat som tel alle som går inn og ut av området, medan Lysefjorden Utvikling kalkulerer talet ut frå talet på parkerte bilar. Vi har telleapparat ute i terrenget i år også. Dei er ikkje ufeilbarlege, men dei som analyserer tala er profesjonelle og har masse telleapparat andre stader i landet. Om det er ein dag der besøkstalet openbart er for høgt eller låg, så stryk dei det og tar gjennomsnittet av nabodagane, seier verneområdeforvaltar Odden.
Telleapparat på Preikestolen Dagleg leiar Helge Kjellevold i Lysefjorden Utvikling og Stiftelsen Preikestolen har planar om å få på plass telleapparat også på Preikestolen. For øvrig ønsker ikkje Kjellevold, som begynte i stillinga i vår, å tolke tala så lenge han ikkje veit kva som ligg bak reknestykkene frå tidlegare år.
– Eg vil vise tal og reknemåte når årets sesong er over, opplyser han.