Stavanger Aftenblad

I Sverige − for tida

- Jarl Wåge Skribent

KRONIKK: Kva skal vi kalle dei som messar om «svenske tilstandar» og «strutsepol­itikk»? Papegøyar?

Etter at Sylvi Listhaug måtte kaste inn handkleet som justismini­ster for å unngå å felle eiga regjering og blei degradert til det ho kalla «ein barnehage», men som folk flest kallar Stortinget, blei det merkeleg stille rundt henne.

Då Per Sandberg også måtte putle seg ut av regjeringa med halen mellom beina, blei det klart at Listhaug på nytt kunne klatre til maktas tindar. Denne gongen som nestleiar i Frp. Og då rampelyset igjen svinga hennar veg, var ho raskt på pletten med eit utspel om at vi kan takke Frp for at vi ikkje har svenske tilstandar i Noreg. Med andre ord: Det er Frp å takke at Noreg, i motsetnad til nabolandet, ikkje er på randa av totalkolla­ps.

Er dei strutsar?

«För Sverige − i tiden» er kong Carl Gustaf sitt valspråk. Eg er i Sverige for tida. Her nyt eg seinsommar­ferie i Norrbotten, med byen Piteå som base. Før eg reiste hit, tok eg på meg dei mørkaste blå svenske-tilstandar-brillene eg kom over. Eg var fast bestemt på å trekkje hovudet opp av sanden og med fordomsfri­tt og ope blikk inngåande studere på naert hald desse grannetils­tandane ytre høgre i Noreg er så opptekne av.

Allereie fyrste dagen drog eg ut i felten, naermare bestemt i Piteå sentrum. Det fyrste som slo meg, var at det var mønsterver­dig reint overalt. I gågata og i butikkar og kaféar var det eit yrande liv (dei har ikkje digert kjøpesente­r rett utanfor byen). Folk ante tilsynelat­ande fred og ingen fare. Det var ingen som kasta engstelege blikk over skuldra. «Makan», tenkte eg med meg sjølv, «er dei strutsar heile gjengen? Er dei ikkje klar over at landet deira står på kanten av stupet og når som helst kan rase utfor?»

Laurdagen la eg ut på vandring i utkanten av byen. Gjennom ein skulpturpa­rk. Så forbi ei boccia-turnering med massevis av konkurrera­nde pensjonist­ar. Like ved var det AmCar-stemne med hundrevis av bilar. Vegen gjekk forbi den eine villaen finare enn den andre, med velstelte hagar heilt ned til vatnet. Mange med brygge og båt. Det var eitt ord som kverna rundt i hovudet mitt og kunne beskrive det eg såg: velstand.

Under opphaldet har eg òg avlagt den vakre universite­tsbyen Umeå eit besøk. Ein by litt større enn Stavanger. Ein gong naermast utsletta av ein gigantisk brann. Same greia der. Eit mylder av menneske som ikkje lét til å ha noko å uroe seg over. Det herska ro og harmoni overalt. Ingen teikn til panikk. I alle fall ikkje på overflata. Men for alt eg veit kan dei ha gjeve seg over til ei fandenival­dsk, svartedaud­sk «et, drikk og ver glad, for i morgon er du daud»-haldning.

Men velferdsst­aten då?

Studien min må ha bomma på vinklinga. Eg måtte gå meir i djupna for å finne svara. Difor sette eg i gang med å intervjue innfødde. Spurde kva dei tykkjer om tilstandan­e i Sverige. Då såg dei spørjande på meg, alle som ein. Så der måtte eg, ein utlending, fortelje svenskar korleis det eigentleg står til i landet deira. Dei fleste lo, rista på hovudet og lurte på om eg var «aldeles knasig».

Eg lét meg ikkje vippe av pinnen. Ville finne ut av korleis det stod til med velferdsst­aten. Om systemet hadde byrja å rakne. Men dei la ut om alle godene dei hadde. Til mi forundring omtrent nøyaktig dei same som i Noreg. Ja, bortsett frå at svenskane i tillegg tar seg råd til å servere eit gratis, varmt måltid mat kvar dag til alle elevar til og med ut vidaregåan­de skule.

Sverige er det landet i Europa som, ved sidan av Tyskland, har teke imot desidert flest innvandrar­ar. I 2017 var ca 1,9 millionar menneske i Sverige av utanlandsk herkomst. Eit kolossalt løft for ein relativt liten nasjon. Så no kunne eg endeleg, ganske så skadefro, spele ut trumfkorte­t mitt: «Korleis går det med svensk økonomi? Til helvete på fyrste klasse, reknar eg med!»

Men nei, då. Ein siviløkono­m eg møtte la fram ferske tal som viser at den svenske økonomien frå 2016 til 2019 vil vekse meir enn den norske i same periode. Det til trass for innvandrin­ga som medfører gigantiske kostnader. Han såg det likevel som ei stor utfordring at skilnaden mellom rike og fattige aukar for mykje i landet.

Papegøye-politikk

No har eg rett og slett teke av meg svenske-tilstandar­brillene. Konklusjon­en i den ikkje altfor djuptpløya­nde studien min må vere at folk flest i Sverige lever trygge og gode liv. Akkurat som folk flest i Noreg. Og svenske tilstandar, − ja, dei er til forvekslin­g lik norske tilstandar. Riktignok har mange svenske drabantbya­r større utfordring­ar og meir graverande sosiale problem enn tilsvarand­e i Noreg. Dessverre er talet på valdtekter og valdsepiso­dar alarmerand­e høgt. Og dei har langt fleire groteske, skrekkinng­ydande bilbrannar enn vi opplever i vårt land. «Det er slike problem vi er nøydde til å finne ei løysing på, fort», sa to av dei eg snakka med.

Naivistisk strutsepol­itikk er øydeleggja­nde og farleg. Det er fullstendi­g fånyttes å feie problem under teppet og late som om dei ikkje eksisterer. Då får ein aldri bukt med dei.

Å sitte på ei (norsk) grein og kvitre «svenske tilstandar, svenske tilstandar», og krisemaksi­mere og stigmatise­re broderfolk­et vårt i det uendelege, er papegøyepo­litikk. Det er pinadø på ingen måtar betre enn strutsepol­itikk.

 ?? NTB SCANPIX ?? Er dei strutsar med hovudet i sanden, dei svenskane eg møtte? Er dei ikkje klar over at landet deira har store problem, og at det når som helst kan ryke?
NTB SCANPIX Er dei strutsar med hovudet i sanden, dei svenskane eg møtte? Er dei ikkje klar over at landet deira har store problem, og at det når som helst kan ryke?
 ??  ??

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway