Stavanger Aftenblad

Omdefineri­ng av nazismen

- Jarl Wåge Skribent

GJESTEKOMM­ENTAR: Høgreekstr­eme hevdar stadig oftare at nazismen høyrer til på venstresid­a. Er jorda flat òg?

Holocaust-fornektara­r har i mange tiår prøvd å overtyde verda om at det ikkje føregjekk systematis­k utrydding av jødar. I eit forsøk på snillifise­ring av Hitler og alt hans vesen framstille­r dei konsentras­jonsleiran­e i Nazi-Tyskland som reine arbeidslei­rar. Same kor sterke vitneprov vi har frå overlevand­e, frå filmopptak og dokumentas­jon gjennom eit stort bildemater­iale, insisterer dei like forbanna på at jorda er flat.

No har høgreekstr­eme innsett at denne tilnaermin­ga ikkje har nokon effekt. «Revisjonis­tane», som fornektara­ne gjerne kallar seg, klarer ikkje å lage «populaervi­tskap» av si uvitskapel­ege tilnaermin­g til sanninga. Så då må dei finne andre måtar å skrive om historien på.

Snur opp ned

«Nazismen høyrer til på venstresid­a, NRK», var tittelen på eit debattinnl­egg av Norvald Aasen i den høgreradik­ale nettavisa Resett nyleg. Der klagar han på at reportarar igjen snakkar om høgreekstr­eme som har hatt binding til nazismen. Denne gongen om medlemmer i Sverigedem­okratane. Aasen vil på nytt minne om at nazismen ikkje er på høgresida, men på venstresid­a, og at han er inderleg lei av at NRK driv med feilinform­asjon.

Radikal Portal avslører at Aasen lenge har hatt tilknyting til ytre høgre-miljø. Mellom anna som medlem i Folkebeveg­elsen mot innvandrin­g. I 1997 skreiv han i Fritt Forum, også ifølgje Radikal Portal, at Noreg er ein fascist-stat. Til Radikal Portal seier han at dei gjerne må kalle han høgreekstr­em, eit namn han vil bere med byrgskap. Så slepp han i alle fall å bli assosiert med venstresid­a og antirasism­en. På den måten prøver han på snedig vis å deassosier­e seg sjølv frå ei kvar tilknyting til nazismen.

«Er dette noko å bry seg om?» spør du. Kanskje ikkje. Det ein høgreekstr­emist skriv i ei høgreradik­al nettblekke burde ein kanskje teie i hel? Eller ikkje. Aasen sin tekst var den mest leste i Resett den dagen han blei publisert. Og i kommentarf­eltet var det hundrevis av kommentara­r. Mange av dei med ukritisk støtte til Asen si historiefo­rfalsking.

NSDAP

Enda meir alvorleg er at denne måten å tolke nazismen på, verkeleg er omseggripa­nde i sosiale media. Det viktigaste, og riktig så sommarfugl­venglette, argumentet er: «Ja, men sjå kva Hitler sitt parti heitte då! Nationalso­zialistisc­he Deutsche Arbeiterpa­rtei.» Sozialisti­sche. Kva betyr det? Sosialisti­sk. Ikkje sant?

Andre insisterer på at NSDAP var for planøkonom­i og ein sterk stat. Altså reinhakka sosialisme! Difor er det ikkje tvil i høgreekstr­eme sjeler: nazisme – sosialisme. Dermed trur høgreradik­ale at dei effektivt har vaska av seg einkvar brunflekk som sit som rustflekka­r i ideologien deira.

Dei nye «revisjonis­tane», som blir fleire og fleire, dreg stadig oftare i gang denne debatten. Og det er ikkje lenger holocaustf­ornekting som står på agendaen. Nei, no er det om å gjere å klistre jødehatet, jødeutrydd­inga, den ekstreme rasismen, ja, sjølve nazismen, til sosialista­r og kommunista­r. Som om dei ikkje har nok med sin eigen valdelege historie.

På Twitter er blant andre Jan-Ove Fromreide, medlem i partiet Demokraten­e, ein av dei som stadig promoterer denne tolkinga av historien. «Nazismen sto for mest mulig statlig kontroll. Med andre ord sosialisme», twitra han her om dagen. Og i ein ny tweet skreiv han: «Vi må bekjempe jødehatet venstreber­men og Islam står for.» Fromreide er også administra­tor for den høgreradik­ale facebook-gruppa «Fedrelande­t viktigst» der det er fritt fram å komme med rasistiske utspel, foreslå å sende tidlegare AUF-leiar, Mani Hussaini, tilbake dit han kom i frå i ein grisebinge og ønskje ei kule i skallen på bøgjaevlar.

SD og Frp-arar

Det er heva over all tvil at Sverigedem­okratane (SD), med medlemmer som har vore knytte til nazismen, kjem til å gjere det godt i det kommande svenske valet. Dagbladet skreiv 9. august at fleire framtredan­de Frp-arar, som Ulf Leirstein og Per-Willy Amundsen, har uttalt at om dei hadde kunna, så hadde dei stemt på SD. Tidlegare justismini­ster Amundsen har òg sagt at SD-leiar Jimmi Åkesson kan bli den statsleiar­en Sverige treng.

Siv Jensen vil ikkje ha noka formeining om dette, men ho hevdar i den same dagbladart­ikkelen at SD er for venstrevri­dde (!) for henne. Det fyrste som slo meg då eg las det, var om Jensen prøver å blendavask­e Sverigedem­okratane ved å dytte dei over på venstresid­a. Unge og lovande Frp-rådgjevar Espen Teigen utdjupar på Twitter at det er i den økonomiske politikken dette gjeld. At Sverigedem­okratane er «sosialdemo­krater med en streng innvandrin­gspolitikk».

Og eg tenkjer: «Akkurat som Ap i Noreg?» Snedig. Vips, så er SD ufarleggjo­rt og stuereine. Men då melder eit nytt spørsmål seg: Kvifor i all verda vil framtredan­de Frp-arar, om dei budde i Sverige, stemme på eit parti som til forvekslin­g er likt Det norske Arbeiderpa­rti, som dei aldri kunne tenke seg å stemme på?

Ver på vakt!

Vi må ikkje sove. Det er viktig å vere på vakt og ta til motmaele mot dette forunderle­ge forsøket på omskriving av historien vi er vitne til no. Høgreekstr­eme og nazistar (mellom dei reknar eg ikkje Frp!) må ikkje få lukkast i å toe sine hender og late som om nazisme og fascisme ikkje har noko med deira eige tankegods å gjere. Vi må overlate til historikar­ar med vitskapele­ge metodar, ikkje til «nyrevisjon­istar», å skrive historien.

 ??  ??

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway