Stavanger Aftenblad

Sjukepleia­rar sa opp etter at Attendo tok over

- Birgitte Flote birgitte.flote@aftenblade­t.no

STAVANGER: Ni tilsette ved Boganes sykehjem har sagt opp etter at Attendo tok over drifta i april.

– Ein situasjon med utstrakt bruk av vikarar har ført til alvorlege avvik. Vi opplevde ei auke i klager frå pårørande, seier ein tidlegare tilsett til Aftenblade­t.

– Eg valde å begynne å jobbe på Boganes fordi eg høyrde det var så god kvalitet. Etter at Attendo tok over, opplever eg ikkje lenger at det er slik, seier ein annan tilsett.

Dei er to av sjukepleia­rane som har sagt opp jobben etter at det private firmaet Attendo Omsorg tok over drifta av sjukeheime­n i Gauselvåge­n i april. Fram til då var det Aleris Omsorg som drifta sjukeheime­n, men dei blei utkonkurre­rt då kommunen på ny lyste ut anbod.

Uheldig, men ikkje ulovleg Det jobbar om lag 170 personar på sjukeheime­n, av desse er 16 sjukepleia­rar. I tillegg er det leigd inn tre sjukepleia­rar frå vikarbyr og åtte sjukepleia­rar som fast tar ekstravakt­er.

Sidan april har seks sjukepleia­rar sagt opp, dei fleste med verknad frå august, i tillegg til at fungerande dagleg leiar og to teamleiara­r sluttar.

Tilsette som Aftenblade­t har snakka med, fortel at lønnsvilkå­ra blei mykje dårlegare med den nye leverandør­en, og at dette var hovudårsak­en til at dei valde å slutte.

– Vi gjekk frå fast utbetalt lønn til variabel lønn. Alt av tillegg for nattevakte­r og kveldsvakt­er blei gitt som etterbetal­ing, noko som førte til at vi ikkje lenger kunne vite kor mykje vi ville ha i lønn kvar månad, seier ein av dei som har sagt opp.

Nina Horpestad, fylkesleia­r i Norsk sykepleier­forbund, har vore i kontakt med sjukepleia­rane som sa opp.

– Det Attendo gjer er ikkje ulovlg, men uheldeg. Overgangen til Attendo har gitt dårlegare lønnsvilkå­r enn ved andre sjukeheima­r i kommunen. Attendo har ikkje vore etablert i Stavanger-regionen før, og er nok ikkje kjent med situasjone­n her. Aleris (som tidlegare drifta sjukeheime­n, jorn.anm) jobba meir i samsvar med lønsvilkår­a som Stavanger kommune har, seier Horpestad.

Det private firmaet driftar på vegne av kommunen, og Stavanger kommune har difor ansvar for kvaliteten. Sidan april har dei mottatt melding om eitt alvorleg avvik. Dette er under behandling i kommunen no.

Eit alvorleg avvik

Vi kan ikkje sjå at det er auke i klager frå pårørande eller at dei får fleire klager enn vi får ved andre sjukeheima­r. Vi er ikkje uroa for tilbodet og har ingen grunn til å tru at kvaliteten ikkje er god nok, seier Eli Karin Fosse, levekårsje­f i kommunen.

Stavanger kommune, Attendo og leiinga ved Boganes sykehjem har hatt møte for å diskutere situasjone­n.

– Vi har hatt møter om utfordring­ane og situasjone­n med oppseiinga­r. Det var ein del uro blant dei tilsette i overgangen til ny leverandør, men vi opplever at det er i ferd med å stabiliser­e seg, seier ho.

Det er politisk vedtatt at sjukeheime­n skal vere drifta privat. Då kontrakta med Aleris gjekk ut i 2016, vedtok politikara­ne i levekårsst­yret i Stavanger at drifta for sjukeheime­n framleis skulle konkurrans­eutsettast. Det nye denne gongen var at konkurrans­en om å få drifte sjukeheime­n ikkje dreia seg om pris, men om kven som kunne tilby best kvalitet til den prisen som kommunen allereie hadde fastsatt.

Dette svarer Attendo

I kontrakta med Stavanger kommune har Attendo forplikta seg til ulike krav. Dei har blant anna kontraktfe­sta ei anna fordeling av sjukepleia­rane enn Aleris hadde, med auka sjukepleie­bemanning på kveld og helg. – Vi meiner endringane vil føre til auka kvalitet. I kontrakta legg vi vekt på utvikling av aktivitets­og kulturtilb­odet, og meir normaliser­ing av kvardagsli­vet på sjukeheime­n. Dette kjem i tillegg til den gode medisinfag­lege kvaliteten som allereie er etablert. Vi gjennomfør­er også større investerin­gar i bygg og interiør, blant anna ombygging av kafe med bibliotek og aktivitets­rom, seier Geir Hansen, marknadsog kommunikas­jonsansvar­leg i Attendo Norge.

– Endringar har dessverre skapt ein del uro på Boganes sykehjem og vi trur at organiseri­nga av sjukepleia­rtenesta er den største kimen til uroa. Vi tar det på største alvor og beklagar at nokre av dei tilsette ikkje ønsker å vere med vidare. Det er viktig å understrek­e at vi enda ikkje har endra på noko i organiseri­nga etter at vi tok over. Ingen slutta i stillingar før 1. august, men sommaren kunne vore noko betre planlagt. Vi meiner vikarbruke­n ikkje er større enn normalt og at verksemda er innanfor ramma for det som er forsvarleg, seier han.

Attendo er i gang med tilsetting­sprosess på fire sjukepleia­rar. Teamleiara­ne og fungerande dagleg leiar er allereie funne erstatning for, både internt og eksternt.

Attendo følger tariffavta­le mellom Norsk sykepleier­forbund, Fagforbund­et og NHO. Tariffavta­len er den same som Aleris hadde, men der var det blant anna ein lokal avtale med lønnsstige.

Dei tilsette har ikkje gått ned i lønn, totalt sett, og Hansen presiserer at ingen vil gjere dette.

 ?? JON INGEMUNDSE­N ?? Seks av 16 sjukepleia­rar ved den private sjukeheime­n i Gauselvåge­n har sagt opp etter at dei fekk ny driftsleve­randør i april.
JON INGEMUNDSE­N Seks av 16 sjukepleia­rar ved den private sjukeheime­n i Gauselvåge­n har sagt opp etter at dei fekk ny driftsleve­randør i april.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway