Stavanger Aftenblad

Jorunn Kristin Haraldseid­e er død

-

12. august 2018 var Jorunn Kristin Haraldseid­e (født Aursland) sitt livslaup kome til vegs ende.

Ho var fødd i Haugesund 6. september 1937 og voks opp på Sandane i Nordfjord som den eldste i ein syskenflok­k på fem. Etter artium i 1957 var ho laerar eit år på Espevaer, og etter laerarutda­nning i Bergen vart ho tilsett ved Sandane skule. Ho gifte seg med Olav Kr. Haraldseid­e og dei flytte til Leka i NordTrønde­lag, der han var distriktsl­ege nokre år. Dei fekk etter kvart tre born, og budde også på Forsand og på Varhaug, der dei hadde heimen sin lengste tida.

Jorunn var ei inderleg kjaer mor, bestemor/mormor og storesyste­r, tante, slektning og ven/veninne. Saknet og tomrommet etter henne er djupt og stort.

Jorunn var glad i menneske og likte å ha folk rundt seg. Saman med Olav og borna ynskte ho ofte både kort- og langvegsfa­rande slekt og vener velkomne til heimen sin, og mange var det som nytte godt av gjestfrihe­ten deira. Det var alltid godt å koma til dei. Dei siste åra gledde ho seg saerleg over å få besøk av barneborna.

Jorunn var evnerik; ho var både skuleflink og praktisk anlagd og alt skapande arbeid låg lett for henne. Ho skreiv songar til festdagane i familien, og ho var ein meister med strikkepin­nar og symaskin. Ho likte å sjå det spira og gro rundt seg, og planter, blomar og hage var ei interesse ho hadde med seg frå tidleg barndom.

Jorunn var beskjeden i all si framferd og likte ikkje å framheva seg sjølv. Bak hennar stillfaran­de vesen var ein trufast kristen som viste stor omsorg for menneske og alt levande som ikkje hadde det godt. Ho var raus med gåver til ulike hjelpeorga­nisasjonar og var oppteken av å hjelpa der ho kunne, men alltid i det stille.

For 17 år sidan kom den vonde beskjeden om at ho var blitt ramma av kreft.

Ho vann over sjukdomen den gongen, men det var eit hardt slag at Olav døydde berre kort tid etter det. Likevel gledde ho seg over friskmeldi­nga og livet. Då sjukdomen melde seg igjen for nokre år sidan, beheldt ho håpet og livsviljen heile tida. Men denne fine sommaren vart ikkje nokon god sommar for Jorunn, for dei siste månadene kvarv kreftene hennar meir og meir, like til ho stille sovna inn.

Vi er takksame for at vi fekk ha Jorunn blant oss.

Fred over hennar minne.

For syskena, Astrid Aursland Saetre

 ??  ??

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway