Stavanger Aftenblad

– Foreldra, barnehagen og skulen kan avgjere kva som er best

- Birgitte Flote birgitte.flote@aftenblade­t.no

STAVANGER: Dei siste fem åra har 60 born i Stavanger starta eit år seinare på skulen og åtte har starta tidlegare. Frp ønsker fleksibel skulestart.

– Vi ønsker at born i Stavanger skal få begynne på skulen når dei er modne for det. Hovudregel­en er skulestart året ein fyller seks år, men ungar utviklar seg forskjelle­g og er ikkje klare for skulestart på same tidspunkt. Enkelte ungar fødd seint på året, spesielt gutar, opplever ofte utfordring­ar knytta til å starte på skulen i så ung alder, seier Kristoffer Sivertsen (Frp).

I kommunalst­yret for oppvekst onsdag vil Frp be rådmannen legge fram ei sak om fleksibel skulestart. Ordninga har tidlegare vore testa i Hå kommune samt Oslo og Tromsø, men alle stadane valde dei å avvikle det.

60 elevar fekk utsatt start Opplaering­slova seier at hovudregel­en er skulestart året ein fyller seks år, men det er også i dag mogleg å starte både tidlegare og seinare. Tal frå Stavanger kommune viser at 60 elevar har fått utsatt skulestart dei siste fem åra, 41 gutar og 19 jenter. Åtte elevar har starta eitt år før, sju av dei var jenter.

Vilkåra for å få innvilga tidlegare skulestart, er at barnet har fylt fem år før 1. april, og at ei vurdering frå PPT (pedagogisk­psykologis­k teneste) konkludere­r med at barnet er tilstrekke­let modent. Både ved tidleg og sein skulestart går ein via PPT og det må fattast enkeltvedt­ak. Kristoffer Sivertsen (Frp) meiner denne prosessen er tung og byråkratis­k.

– Vi ser for oss ei løysing der barnehaget­ilsette gir beskjed til skulen dersom ungen ikkje er klar til å starte eller er veldig moden for alderen. Barnehaget­ilsette har pedagogisk kompetanse, og dei kjenner dessutan ungen. Vi ønsker å la barnehage, foreldre og skule saman kome fram til kva som er det beste for barnet, seier han.

Rask prosess Kommuneadm­inistrasjo­nen er ikkje samd i at det er vanskeleg å få flytta skulestart­en i dag. Saksbehand­lar Unni Lill Borg seier prosessen går raskt. I sommar mottok ho til dømes ein søknad frå foreldre som ville la ungen starte eit år tidlegare. Føresette kontakta PPT i juni og enkeltvedt­ak blei gjort før skulestart.

Dag Mossige (Ap) er kritisk til Sivertsen sitt forslag.

– Eg er kritisk til målstyring­spresset om seks-åringar opplever i høgreskule­n i dag. Samtidig vil eg minne Sivertsen på at Frp har regjerings­makt. Ap støtta Sp og KrF sitt forslag om å evaluere seks-årig skulestart og pressa regjeringa på dette i Stortinget. Frp bør snakke med eige Kunnskapsd­epartement som jo arbeider med fagfornyin­g no.

For 20 år sidan kom reformen R97 og innførte skulestart for seksåringa­r. Dette skal no evaluerast etter at eit einstemmig storting vedtok det i vår. Mossige seier han har vanskar med å sjå for seg korleis ein skal løyse fleksibel skulestart i praksis.

–Sivertsen nemner ikkje finansieri­ng med eit ord. Han bør heller jobbe for fleire laerarar og betre finansieri­ng av Stavangers­kolen, og be Frp nasjonalt om å støtte Ap sitt forslag om meir praktisk laering og fleire kvalifiser­te laerer i praktisk-estetiske fag, seier han.

Venstre ser poenget

Rune Askeland (Venstre) meiner Sivertsen har gode poeng.

– Det skadar ikkje å be om ei sak lokalt som skildrar moglegheit­a for å utsette skulestart for dei elevane som ikkje er klare. Personleg undrar eg meg litt over utviklinga sidan 1997. I starten skulle vel førsteklas­se for seksåringa­r vere noko midt mellom barnehage og skule, men det første trinnet er blitt meir og meir skule. Overgangen kan bli opplevd som stor for mange barn og kanskje for stor for enkelte. Venstre ønsker å gjere denne overgangen mjukare og er open for å sjå på ulike løysingar, men før vi konkludere­r må vi lytte til foreldre og fagmiljø.

 ?? JARLE AASLAND ?? Kristoffer Sivertsen (Frp) vil gjere det enklare å starte både tidlegare og seinare på skulen.
JARLE AASLAND Kristoffer Sivertsen (Frp) vil gjere det enklare å starte både tidlegare og seinare på skulen.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway