Stavanger Aftenblad

Bomringen påverkar val av barnehage

- Birgitte Flote birgitte.flote@aftenblade­t.no

NORD-JAEREN: Bomringen er avgjerande for kva barnehagar foreldre i Sandnes vil ha borna sine i, truleg og i dei andre kommunane.

– Vi veit det er 12 barn i Tananger som har fått barnehagep­lass på andre sidan av bomringen. Det kan vere snakk om nokre fleire, men det trur eg vi skal klare å finne ut av ganske raskt, sa Ole Ueland (H), ordførar i Sola kommune, til NRK mandag.

– Då talet er så lite, må det vere mogleg å finne ei løysing for desse familiene. Eg tenker vi bør sjå på ei ordning der ein får refundert utgifter for dei familiane det gjeld, seier han til Aftenblade­t.

Jobbar med oversikt

I Sandnes kommune har dei foreløpig ikkje tal på kor mange som må forbi bomringen for å levere i barnehage, men dei opplever at bomringen hadde påverknad på kor folk søkte barnehagep­lass.

–Tilbakemel­dinga vi fekk frå opptakskon­toret før sommaren, var at foreldre har vore opptatt av dette når dei set opp ønsker for barnehagar. Vi jobbar med å få oversikt over kor mange som må passere bomring for å levere til barnehage. Vi veit ikkje så mykje meir foreløpig, seier barnehages­jef Torill Jacobsen Kind.

Ho kjenner ikkje til kor vidt foreldre har bedt om å bytte barnehage for å unngå bomringen.

Barnehages­jef i Stavanger kommune, Monica Buvig Stenseth, ser det ikkje som usannsynle­g at bomringen kan ha hatt innverknad på kor foreldre søkte om barnehagep­lass.

–Vi har ingen dokumentas­jon på dette, men det er sannsynleg at det er likt som i Sandnes. Vi har tenkt at det kan ha hatt påverknad. Kor vidt bomringen får folk til å søke om barnehageb­ytte har vi ikkje grunnlag for å svare på, men det er i alle fall ikkje registrert auke i søknader. Vi har alltid ein del søknader om bytte, og oftast kjem det av at folk har barnehagep­lass langt unna eigen bustad, seier Buvig Stenseth.

Bomstøtte

I Sola blir det lagt fram ei sak om bomstøtte til låginntekt­sfamiliar i neste kommunesty­remøte. I Stavanger har bystyret allereie vedtatt at ein må sjå naerare på bomstøtte til barnefamil­ier.

Ap, Høgre, Venstre, KrF, MDG og Raudt fekk forrige veke fleirtal for eit vedtak som ber rådmannen legge fram ei sak om støtte til familier med låg betalingse­vne og som er avhengige av bil for å køyre til barnehage og jobb.

I vedtaket viser dei til erfaringar frå Skien kommune. I Skien satte dei i 2017 av ein million kroner til ei slik støtteordn­ing. Der rekna dei med at 400–500 familiar ville få innvilga ei støtte på 1890 kroner i året, ifølgje Telemarksa­visa.

–Det er fleire lavtlønna i Stavanger enn i Sola. Dermed kan det bli snakk om ein god del fleire familier her som vil trenge økonomisk støtte, seier Kari Nessa Nordtun, gruppeleia­r i Stavanger Ap.

– Bompengar er ei dårleg løysning å finansiere infrastruk­tur på, men vi har ingen alternativ no. Dermed må vi sette inn tiltak for å verne om dei som blir hardast ramma, nemleg dei med låg lønn som ikkje har andre val enn å køyre bil. Ap har lagt fram forslag om slik støtte til lavinntekt­sfamiliar fire gongar, men først no fekk vi fleirtal, seier ho. Protokolla­r viser at det var i bystyremøt­er i desember, i februar, april og september i år.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway